Orlando Gibbons (15835. juni 1625) var ein engelsk renessansekomponist og organist.

Orlando Gibbons

Fødddøypt 25. desember 1583
FødestadOxford i England
Død5. juni 1625 (41 år)
DødsstadCanterbury i England
OpphavKongeriket England
Aktiv1611-1619
SjangerRenessansemusikk
InstrumentOrgel
Verka somKomponist og organist
BornChristopher Gibbons

Gibbons kom frå ein ekte musikarfamilie, faren William, broren Edward og sonen Christopher var alle kjende komponistar. Orlando Gibbons var songar ved King's College i Cambridge frå 1590 til 1599. Året 1614 fekk han organistposten i det kongelege kapellet til Jacob I. og vart der til han døydde. I 1624 fekk han òg organistposten i Westminster Abbey.

Orlando Gibbons er ein av dei viktigaste engelske komponistane på 1600-talet. På si tid var han mest kjend som utøvande musikar, ettermælet har han fått hovudsakleg på grunn av hymnene og kyrkjemusikken sin. Av dei verdslege verka hans er The cries of London og framfor alt madrigalen The silver swan (Sølvsvanen) verdt å nemne.

Out of the Deep. Konsertopptak av The Tudor Consort oktober 2005 i Borja i Spania.

Verk endre

Gibbons var ein av dei mest allsidige engelske komponistane på si tid og skreiv mange klaverinstrumentstykke, rundt tretti fantasiar for bratsj, mange madrigalar (den mest kjende er The Silver Swan) og mange populære lyriske hymner. I kormusikken sin viser han seg som ein meister av kontrapunkt, kombinert med eit øyre for melodi. Den kanskje mest kjende lyriske hymna hans er This is the record of John. Solistane har ein teknisk krevjande jobb og verket uttrykket den retoriske styrken til teksten, utan at det vert demonstrativt eller bombastisk. Han produserte òg to store variantar av aftanandakt, the Short Service og the Second Service. Han medverka med seks stykke til den første trykte musikksamlinga i England, Parthenia (der han var den klårt yngste av tre bidragsytarar), publisert kring 1611.

Av klaverstykka til Gibbons har om lag 45 stykke overlevd. Den polyfonske fantasien og danseforma er dei best representerte sjangrane. Gibbons synte at han fullt ut meistra tre- og firedelt kontrapunkt. Dei fleste av fantasiane er kompliserte og fleirdelte stykke. Gibbons syner ein nærast uavgrensa utvikling av enkle melodilinjer, som han syner i verk som Pavane i D-moll og Lord Salisbury's Pavan and Galliard.[1]

Kjelder endre

  1. Apel, Willi. 1972. The History of Keyboard Music to 1700, s. 320–323. Omsett av Hans Tischler. Indiana University Press. ISBN 0-253-21141-7. Opphavleg publisert som Geschichte der Orgel- und Klaviermusik bis 1700 av Bärenreiter-Verlag, Kassel.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Orlando Gibbons