Ornö er den største øya sør i Stockholms skjergard, like nord for øya Utö. Ho høyrer til kommunen Haninge. Øya er kring 15 km lang og 3–4 km brei.

Ornö
øy
Ornö kyrkje
Land  Sverige
Len Stockholms län
Kommune Haninge kommun
Del av Stockholms skjergard
Stad Stockholms skjergard
 - koordinatar 59°03′N 18°24′E / 59.050°N 18.400°E / 59.050; 18.400
Lengd 15 km
Breidd 3−4 km
Areal 48,99 km²
Folketal 300
Kart
Ornö
59°04′00″N 18°25′00″E / 59.066666666667°N 18.416666666667°E / 59.066666666667; 18.416666666667
Wikimedia Commons: Ornö

Hovudsambandet til fastlandet er ei bilferje operert av Ornö Sjötrafik. Ferja går mellom Dalarö på fastlandet og Hässelmara nordvest på Ornö. Det bur om lag 300 menneske på øya året rundt, men om sommaren vert dette talet mangedobla.

Kvart år i slutten av mai, vert den største seglasen i Stockholms skjergard finn stad kring øya. Denne vert kalla Ornö runt og er open for alle.

Ornö har fram til nyleg vore eit militært verna område og utlendingar har ikkje hatt lov å opphalde seg på eller ved øya. På grunn av dette er øya ukjend utanlands og har få turistar. I 1997 vart det opna for utanlandske turistar på nesten heile øya. Det er derimot framleis stader ein ikkje kan gå i land, ankre opp, dykke eller ta bilete.

Den svenske sjøredningstenesta sin båt «Dronning Silvia» er stasjonert i Kyrkviken. Mannskapet består av frivillige frå øya.

Den vakre Ornö kyrkje, vart teikna av arkitekt Pehr Ulrik Stenhammar. Ho ligg på ei høgd ovanom Kyrkviken.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre