Oromia er ein av dei ni regionane (kililoch) i Etiopia. Med ei flatevidd på 353 632 km2 og eit folketal på rundt tjuefire millionar (overslag 2002) er han størst i landet, både når det gjeld storleik og innbyggjarar. Regionshovudstaden er Adama; andre viktige byar er Debre Zeit, Dembidolo, Jimma, Nekemte og Shashamane.

Kart over Etiopia med Oromiaregionen avmerkt.

Den største folkegruppa i regionen er det oromotalande oromofolket, som utgjer 85 % av innbyggjarane. Amharafolk utgjer rundt 9 % av innbyggjarane.

Ei separatistrørsle ønskjer at regionen skal bli ein sjølvstendig stat.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.