Oscar Adolf Wisting (fødd 6. juni 1871 i Larvik, død 5. desember 1936 i lugaren sin på polarskuta «Fram»FrammuseetBygdø i Oslo) var ein offiser i Marinen, oppdagar og polarforskar. Han var saman med Roald Amundsen den første i verda som var på både Sør- og Nordpolen.[1]

Oscar Wisting

Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. juni 1871
Larvik
Død

5. desember 1936 (65 år)
Oslo

Yrke oppdagar
Oscar Wisting på Commons
Sjøfartsmuseet i Larvik. Oscar Wisting i forgrunnen
Wisting vart tildelt Sørpolsmedaljen for deltakinga si i Roald Amundsen sin ekspedisjon til Sørpolen

Polarferder endre

Wisting deltok på Roald Amundsen sin ekspedisjon til Sørpolen frå 1910 til 1912. Han var med i kjernegruppa, «Sydpolpartiet», som nådde målet 14. desember 1911.

Han var mønstra som førstestyrmann på «Maud» gjennom Nordaustpassasjen 1918 til 1922. I tillegg hadde han ansvar for stuing av forsyningar og var kokk, bibliotekar, lege og proviantforvaltar ombord på «Maud».

Amundsen gav Wisting denne attesten: «Jo ondere det så ut, jo bedre likte han sig. Og gikk det på livet løs, var han først i sitt ess».

Amundsen gjekk konkurs i 1925 og Wisting fekk ansvaret for å avvikle føretaka i Seattle, Washington i USA. Amundsen tok kontakt igjen og bad Wisting bli med på eit nytt forsøk på å erobre Nordpolen luftvegen. Wisting var difor òg med på den første overflyginga av Nordpolen ombord på luftskipet «Norge» i 1926. Roald Amundsen og Oscar Wisting var dermed dei to første i verda som var på begge polane.

Då Amundsen forsvann med «Latham» i 1928 var Wisting i Advent Bay. Han deltok i leitinga gjennom fem resultatlause veker, før leitinga vart innstilt.

I 1930 utgav han boka 16 år med Roald Amundsen.

Frammuseet endre

Wisting deltok særs aktivt i førebuinga til opninga av Frammuseet på Bygdø. Han var vorte 65 år, men klatra i riggen, pussa og stelte kvar einaste dag. Han pleidde å overnatte i den gamle lugaren sin når han jobba ombord. Om morgonen 5. desember 1936, nokre få dagar før 25-årsjubileet for Sørpolferden, vart han funnen død i køya si ombord. Hjartet hadde svikta, kanskje på grunn av årelangt slit under strabasiøse tilhøve i polare strøk.

Wisting var gift med Elise Marie Wisting frå Nøtterøy og dei hadde fire søner.

Utmerkingar endre

Wisting vart i 1926 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden og same år forfremma til kommandør med stjerne «for fortjenstfull medvirkning til gjennemførelsen av Roald Amundsens nordpolsflygning i 1926.»[2] Han vart òg tildelt Sørpolsmedaljen, var offiser av Italias kroneorden og riddar av den franske Æreslegionen. Wisting mottok òg Latham-medaljen.

Trivia endre

I kriminalromanane til Jørn Lier Horst finst politietterforsker William Wisting, ein fiktiv etterkommer av Oscar Wisting.

Kjelder endre

  1. 19 Ar Med Roald Amundsen (Oscar Wisting, Oslo: Glydendal Norsk Forlag; 1930)
  2. Den Kongelege norske Sankt Olavs orden 1847–1947, utgjeve av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Oslo: Grøndahl & Søns Forlag, 1947, s. 90.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oscar Wisting