Oslo-avtalen frå august 1993 representerte eit gjennombrot i forhandlingane mellom palestinarane og Israel. Avtalen var viktig fordi PLO og Israel da anerkjende kvarandre som forhandlingspartnerar og innleidde ein prosess mot ein endeleg fredsavtale.

Noreg, under Arbeidarparti-regjeringa og utanriksminister Johan Jørgen Holst hausta stor heider for utarbeidinga av Oslo-avtalen. Der stormaktene feila med Madrid-konferansen og forhandlingar i Washington, lykkast tilsynelatande det utradisjonelle norske initiativet.

13. mars 2002 vedtok FN sitt sikkerheitsråd ein resolusjon som slo fast prinsippet om ei to-stats-løysing. For første gong erklærte ein amerikansk president at dette er målet – eit mål det såkalla "vegkartet for fred" også slår fast.

Dette får den israelske høgresida til å bruke skjellsordet «Oslo-forbrytarane» om menneska bak avtalen. Også mellom palestinarane er mange imot avtalen.

Tiltaka som ligg i avtalen er fleire gonger blitt utsette.

Kjelde endre