Oslo bystyre er Oslo sitt kommunestyre og fylkesting og dermed den øvste politiske styresmakta i byen. Det er den einaste folkevalde forsamlinga i Noreg som er både kommunestyre og fylkesting. Det har 59 medlemmar. Hovudoppgåvene til bystyret er å leggja hovudlinjene for utviklinga av Oslo og dei kommunale tenestene i byen, inkludert fordelinga av dei pengane kommunen har å rutte med.

Partigrupper endre

Etter Kommunestyre- og fylkestingvalet 2015 består Oslo bystyre av desse partigruppene:

Parti Mandat Gruppeleiar
Arbeidarpartiet 20 Frode Jacobsen
Høgre 19 Eirik Lae Solberg
Miljøpartiet Dei Grøne 5 Harald A. Nissen
Venstre 4 Guri Melby
Framstegspartiet 4 Carl I. Hagen
Sosialistisk Venstreparti 3 Sunniva Holmås Eidsvoll
Raudt 3 Bjørnar Moxnes
Kristeleg Folkeparti 1 Erik Lunde

Komitear endre

Bystyret har, i tillegg til forretningsutvalget og finanskomiteen, fire fagkomitear som førebur saker og kjem med anbefalingar til bystyret.[1] Medlemmar til utval og komiteane vert valsw frå bystyret, og kvar av representantane til bystyret sit i ein av komiteane:

  1. Finanskomiteen – 11 medlemmar
  2. Helse- og sosialkomiteen – 13 medlemmar
  3. Kultur- og utdanningskomiteen – 11 medlemmar
  4. Byutviklingskomiteen – 13 medlemmar
  5. Samferdsels- og miljøkomiteen – 11 medlemmar

Bystyremøta vert normalt haldne siste onsdag i månaden og er normalt opne for publikum. Dei interne sakene til bystyret og funksjonen som valkomite vert ivaretekne av forretningsutvalget i Oslo. Kontrollutvalet fører løpande tilsyn med den kommunale forvaltinga på vegner av bystyret, og ser til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning.

Sekretariatet til bystyret endre

Sekretariatet til bystyret er administrasjonen til bystyret og er direkte underlagt ordføraren og Oslo bystyre. Sekretariatet har som hovudoppgåve å leggja til rette for arbeidet som vert gjort i bystyret og organa til bystyret.[2]

Referansar endre

  1. Om komiteane
  2. Om sekretariatet til bystyret

Bakgrunnsstoff endre