Osmarka kapell er frå 1910 og står i Gjemnes kommune, Møre og Romsdal fylke. Bygget er i treverk og skal ha 110 sitjeplassar. Kapellet vart utvida med eit påbygg i 1983.[1]

Osmarka kapell
kapell
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Indre Nordmøre
Sokn Øre
Fellesråd Gjemnes
Material tre
Innvigd 1910
 - Endringar Utvida med påbygg i 1983
Klokker Ei klokke frå 1915
Preikestol I tre frå 1910 av Kristoffer Eide
Døypefont I tre frå 1942
Altartavle Altartavle frå 1964 av Gustav Storli
Sitjeplassar 110

Iflg.Norsk kirkeleksikon har kapellet ei altartavle med motivet «Krossen» måla av Gustav Storli, ho er frå 1964. Preikestolen er i tre frå 1910 og laga av Kristoffer Eide. Døypefonten er og i tre og frå 1942.[1]

Osmarka kapell ligg i Øre sokn i Indre Nordmøre prosti.[2]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Norsk kirkeleksikon, side 276
  2. «Om kyrkjene i Gjemnes». Gjemnes kommune. Henta 28. mai 2015.