Osmose er diffusjonen av ei væske gjennom ein halvgjennomtrengeleg membran frå eit område med ei løysing av høg konsentrasjon til eit område med ei løysing av låg konsentrasjon.

Illustrasjon av osmose

Væske som kan trenge gjennom membranen vil gå frå den sida som har låg konsentrasjon av stoff som ikkje kan trenge gjennom membranen til den sida som har høg konsentrasjon. Dette vil halde fram til det er lik konsentrasjon av ugjennomtrengeleg stoff på begge sider. Flyten av væske kan stoppast med mottrykk på den sida som har høg konsentrasjon av ugjennomtrengeleg stoff. Trykket som trengst for å halde tilbake flyten av væske til området med høg konsentrasjon kallast osmotisk trykk.

Celleveggar er døme på halvgjennomtrengelege membranar der det skjer osmose.

Dersom ein har eit trykk som er større enn det osmotiske trykket på den sida av membranen med høg konsentrasjon, vil flyten gå mot sida med låg konsentrasjon av ugjennomtrengeleg stoff, og kallast omvendt eller revers osmose. Dette er viktig i industrien, som brukar det til å desalinere vatn (lage ferskvatn av saltvatn), i reinseanlegg og for å lage alkoholfrie variantar av øl og vin.

Statkraft utviklar kraftverk som er basert på osmose, dei kallar saltkraft som utnyttar det osmotiske trykket mellom ferskvatn og saltvatn. Dersom ein lèt ferskvatn gå gjennom ein membran, vil det oppstå trykk på saltvassida av membranen som kan brukast til å drive ein turbin.

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre