Oste er ei elv i nord i Niedersachsen i Tyskland og ei av sideelvane til Elbe frå venstre med ei lengd på 153 km. Ho renn gjennom landkreisane Harburg, Rotenburg, Stade og Cuxhaven og munnar ut i Elbe nær Otterndorf. Ho har eit nedslagsfelt på 1 711 km² og fell 31 meter frå kjelda til munningen. Sideelvar er Ramme, Aue, Twiste, Bade, Bever og Mehe.

Oste
elv
Oste sin munning i Elbe
Land  Tyskland
Nedslagsfelt 1 711 km²
Lengd 153 km
Kjelde Niedersachsen
 - høgd 31 moh.
Munning Elbe
Kart
Oste
53°50′22″N 9°01′06″E / 53.839444444444°N 9.0183333333333°E / 53.839444444444; 9.0183333333333
Wikimedia Commons: Oste

Oste er ein del av Deutsche Fährstraße som vart oppretta i mai 2004. Han knyter saman stader som Bremervörde og Kiel. Ved Gräpel og Brobergen er det òg to ferjer. Sjølv om ho er ein offisiell vassveg har derimot ikkje Oste mykje skipstrafikk.

Elva har sitt utspring nær Tostedt ved grensa til Lüneburger Heide og renn vestover forbi Sittensen og Zeven, før ho renn nordover gjennom Bremervörde, der tidvatnet byrjar å påverke elva, Hemmoor og Neuhaus.

Kjelder endre