Osterøy kommune

kommune i Vestland fylke i Noreg

Osterøy er ein kommune i Vestland fylke, som utgjer mesteparten av øya Osterøy i Nordhordland. Osterøy er den største innlandsøya i Noreg, og ligg nordaust for Bergen. Heile øya er ikkje ein del av kommunen Osterøy; den nordaustlege delen høyrer til Vaksdal kommune. Øya er på 324 km², medan kommunen er på 254 km². Kring Osterøy er fjordane Osterfjorden i nord og vest, Sørfjorden i sør og Veafjorden i aust. I Vaksdal kommune vart øya knytt til fastlandet i 1985 med Kallestadsundet bru mellom Kallestad på øya og Stamnes på fastlandet. Øya vart på nytt knytt til fastlandet i 1997, då Osterøybrua mellom Kvisti og Herland stod ferdig. Fotballtrenaren Mons Ivar Mjelde, fotballspelaren Erlend Hanstveit og dessutan målmannen Ola Raknes kjem frå Osterøy, og Ole Bull hadde ein landstad på øya.

Osterøy kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Lonevåg
Areal 255,12 km²
 - land 243,74 km²
 - vatn 11,38 km²
Folketal 8 200  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Lars Fjeldstad (Sp)
Kommunenr. 4630
Kart
Osterøy kommune
60°31′05″N 5°32′29″E / 60.518055555556°N 5.5413888888889°E / 60.518055555556; 5.5413888888889
Wikimedia Commons: Osterøy municipality
Nettstad: www.osteroy.kommune.no
For øya med same namn, sjå Osterøy.

Av stader på Osterøy kan nemnast kommunesenteret Lonevåg, Hausvik, Votlo, Bruvik, Valestrandsfossen, Hamre, Fotlandsvåg, Hauge, Tyssebotn og Gjerstad.

Osterøy har eit variert næringsliv med ulike typar industri, jordbruk, fiskeoppdrett og sørvisyrke. Av dei største bedriftene kan nemnast Lerøy Fossen AS, Tysse Mekaniske Verksted og Lonevåg Beslagfabrikk.

Lokalavis endre

Kyrkjer endre

Bilete endre

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Kleiveland, Geir. 2007. Osterøy Bygdebok. Allmennsoge band I: Frå dei eldste tider til 1870. Osterøy: Osterøy bygdeboknemnd.
  • Kleiveland, Geir. 2003. Osterøy til fots. Kulturhistoriske vandringar. Osterøy: Osterøy sogelag.
  • Årsskriftet «Osterøy i soge og samtid». Osterøy: Osterøy museum, Osterøy sogelag og Hosanger sogelag.