Oswald Heer
Oswald Heer (31. august 1809–27. september 1883) var ein sveitsisk botanikar, entomolog og paleontolog.
Som entomolog studerte Heer spesielt funn frå dei artsrike funnstadane Oeningen i Sveits og Radoboj i Kroatia, begge frå miocen, og frå Aix-en-Provence i Frankrike (oligocen). Han publiserte Die Insektenfauna der Tertiärgebilde von Oeningen und Radoboj in Kroatien (1847-53) og Über die fossilen Insekten von Aix in der Provence (1856). Ueber einige Insektenreste aus der raetischen Formation Schonens (1879) omhandla Skåne i Sverige. Die Urwelt der Schweiz (1864) er ein vid og nokså omfattande gjennomgang av det som til då var kjent om den geologiske historia i landet og fossilfunn. Store delar av dei paleontologiske samlingane til Heer vert i dag teke vare på i den geologiske samlinga ved Eidgenosse Technische Hochschule i Zürich.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Oswald Heer» frå Wikipedia på bokmål, den 3. juni 2020.