Oswald Veblen

amerikansk matematikar

Oswald Veblen (fødd 24. juni 1880 i Decorah i Iowa i USA, død 10. august 1960) var ein amerikansk matematikar, geometikar og topolog. Arbeida hans vart utnytta i atomfysikken og relativitetsteorien. Han beviste Jordans kurveteori i 1905.

Oswald Veblen

Fødd24. juni 1880
Decorah
Død10. august 1960
Brooklin
NasjonalitetUSA
Områdegeometri, topologi, matematikk
Yrkematematikar, topolog, universitetslærar
InstitusjonarPrinceton University
Institute for Advanced Study
Alma materHarvard University
University of Chicago
University of Iowa
DoktorgradsrettleiarE. H. Moore
MedlemNational Academy of Sciences
American Academy of Arts and Sciences
Det Kongelige Danske Videnskabernes Selskab
Royal Society of Edinburgh
Accademia Nazionale dei Lincei

Forfedrane hans kom opphavleg frå Noreg. Han hadde ein doktorgrad ved universitetet i Chicago i 1903. Han arbeidde mest med geometri. Han vart òg æresdoktor ved Universitetet i Oslo.

Han skreiv òg nokre bøker. Mellom anna skreiv han Projective geometry som kom ut i 1910. Han har òg skrive Foundations of defferential geometry som kom ut i 1932.

Utgjevingar endre

Kjelder endre