Ottar Brox

norsk professor og politikar

Ottar Brox (30. august 193216. februar 2024) var ein norsk samfunnsforskar og politikar for Sosialistisk Venstreparti, fødd i Torsken.[1] Han var professor i sosiologi ved UiT 1972-1984 og stortingsrepresentant for Troms 1973-1977.[2] Brox blir også rekna som ein av føregangsfolk bak opprettinga av Universitetet i Tromsø.[3]

Ottar Brox
Fødd30. august 1932
Torsken
Død16. februar 2024
NasjonalitetNoreg
Yrkepolitikar, sosiolog
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materNorges landbrukshøgskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Liv og virke endre

Ottar Brox studerte ved Troms landbruksskole i 1948-1949 og blei utdanna sivilagronom ved Norges Landbrukshøgskole i 1957.[4]

Brox er kjend for boka Hva skjer i Nord-Norge? frå 1966. Denne boka vart inspirasjonskjelde for nordnorsk regionalisme og oppvurdering av sjarkfisket si økonomiske betydning. Temaet i denne boka vart i 1984 vidareført i boka Nord-Norge: Fra allmenning til koloni.

Brox var professor i sosiologi ved Universitetet i Tromsø frå 1972 til 1984, seinare professor II, mens han var forskingsleiar ved Norsk institutt for by- og regionforskning.

Politikk endre

Brox var stortingsrepresentant for SV for Troms i perioden 1973–1977. Han har skrive mange populærfaglege bøker og artiklar, og vore aktiv i den offentlege debatten.

Prisar og utmerkingar endre

Verkliste endre

  • 1957: Norsk landbrukspresse fram til omkring 1840 / Ottar Brox. Vollebekk : Norges landbrukshøgskole. Hovedoppgåve ved Norges landbrukshøgskole.
  • 1966: Hva skjer i Nord-Norge? : en studie i norsk utkantpolitikk. Pax-bøkene ; 39 Oslo : Pax
  • 1972: Newfoundland fishermen in the age of industry : a sociology of economic dualism. Newfoundland social and economic studies ; 9. St. John's : Institute of Social and Economic Research, Memorial University of Newfoundland.
  • 1989: Praktisk samfunnsvitenskap. Universitetsforlagets metodebibliotek. Oslo : Universitetsforlaget.
  • 1995: Dit vi ikke vil. Ikke-utopisk planlegging for neste århundre. Halden: Exil
  • 2005: Arbeidskraftimport : velferdsstatens redning - eller undergang?. Oslo : Pax.
  • 2016: På vei mot et postindustrielt klassesamfunn? Oslo : Pax.

Kjelder endre

  1. Hompland, Andreas; Neumann, Iver B. (17. februar 2024). «Ottar Brox». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. Kallelid, Magnus (16. februar 2024). «Ottar Brox er død». dagbladet.no (på norsk). Henta 18. februar 2024. 
  3. 3,0 3,1 «UiT sine æresdoktorar | Ottar Brox», uit.no, henta 19. februar 2024 
  4. Profil ved stortinget.no
  5. «Tre nye æresdoktorer ved NMBU | NMBU», www.nmbu.no (på norsk bokmål), henta 19. februar 2024