Otto Bauer (5. september 18815. juli 1938) var ein austerriksk politikar og sosialistisk teoretikar. Han er ein av dei viktigaste sosialistiske tenkjarane og politikarane etter Karl Marx. Han var ein framtredende personlegdom i det sosialdemokratiske arbeiderpartiet (SDAP, no SPÖ) i fleire ti-år.

Otto Bauer

Fødd5. september 1881
Wien
Død4. juli 1938 (56 år)
Statsborgar avAusterrike
PartiSozialdemokratische Partei Österreichs
Yrkepolitikar, diplomat, filosof
InstitusjonarØsterrikes regjering
Utdanna vedUniversitetet i Wien
EktefelleHelene Bauer
Alle verv
  • medlem av Nasjonalrådet
  • medlem av Nasjonalrådet
  • medlem av Nasjonalrådet
  • medlem av Nasjonalrådet Sjå dette på Wikidata
Nationalitätenfrage und die Sozialdemokratie, 1924

Otto Bauer var av jødisk ætt, og kom som intellektuell til å slutte seg til den sosialistiske rørsla. Saman med andre intellektuelle sosialistar, som Max Adler, Rudolf Hilferding og Karl Renner, utvikla han den såkalla «austromarxismen», eit teoretisk begrunna venstresosialistisk standpunkt. Eit «tredje standpunkt», annleis enn både høgresosialdemokrati og leninisme/bolsjevisme. Bauer kom også til å bli ein leiande praktisk politikar i det sterke og radikale austerrikske sosialdemokratiet i mellomkrigstida. Han døydde i eksil i Paris i 1938, på flukt frå den fascistiske terroren i heimlandet.

Samanhengen mellom den gamle «austromarxismen» på den eine sida og den reformerte «eurokommunismen» og den moderne demokratiske venstresosialismen på den andre, er heilt klar. Otto Bauers teori og praksis er ein viktig del av den demokratisk-sosialistiske tradisjonen i Europa.

Bauer er forbausande aktuell på mange politikkområde. Han kom før den berømte britiske økonomen Keynes med forslag om å bekjempe massearbeidsløyse med offentlege investeringar i stor stil, samt allmenn arbeidstidsforkorting. Han kritiserte dei negative miljøverknadene av kapitalistisk jordbruk. Han foreslo etiske klausular i utanrikshandelen. Hans betydelege teoretiske arbeid om nasjonalitetsspørsmålet i det fleirkulturelle samfunnet og hans forslag til demokratiske løysingar på dette er svært aktuelle.

Viktige verk av Otto Bauer endre

  • Sosialdemokratiet og nasjonalitetsspørsmålet (Die Nationalitätenfrage und die Sozialdemokratie, 1907)
  • Linz-programmet til det sosialdemokratiske arbeidarpartiet (1926)
  • Fascismen (Der Faschismus, 1936)
  • Integral sosialisme (Integraler Sozialismus, 1936)

Bakgrunnsstoff endre