Otto Berg

norsk idrettsmann

Otto Berg (24. august 190610. april 1991) var ein norsk friidrettsutøvar, turnar og politimann frå Bolsøy i Romsdal. Berg tok sølv i lengdehopp under EM i friidrett 1934 i Torino med 7,31 m. Han var etter tur medlem av klubbane Molde FIL, Torshaug IF og Oslo Politis IL.

Otto Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. august 1906
Bolsøy kommune
Død

10. april 1991 (84 år)
Bærum kommune

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1936, EM i friidrett 1934

Utmerkingar

Egebergs Ærespris

Aktiv endre

Berg var son til gardbrukarar i Bolsøy. Sjølv utdanna han seg i den norske hovudstaden til politimann. Han vart norsk meister i lengdehopp i 1931 og i åra 1934-36, samt på 100 meter i 1935. Han tok elles ei rekke medaljar i hopp utan tilløp, stavhopp og tresteghopp.

Bergs personlege rekord i lengdehopp på 7,53 m sette han i august 1934 på Bislett stadion i ein landskamp mellom Noreg og Sverige. Hoppet var både norsk og nordisk rekord, ein rekord som svensken Erik Svensson, med tilnamnet Spänstfenomenet, tangerte seinare i tevlinga. For å kåre ein vinnar måtte det omhopping til, ei omhopping som Berg vann. Same året vart han tildelt Egebergs Ærespris for sine prestasjonar i friidrett og turn.

I 1935 flytta Berg den norske rekorden til Per Oscar Andersen i lengde uten tilløp med 11 cm til 3,445 m under noregsmeisterskapen, og seinare same året til 3,47 m. Den rekorden vart ståande i 21 år. For rekordhoppet mottok han kongepokalen. Også året etter vart Berg tildelt kongepokalen, men då for eit lengdehopp på 7,40 m.

Berg var norsk flaggberar ved Sommar-OL 1936 i Berlin. Under dei same leikane kom han på tiandeplass i lengde med eit hopp på 7,30 m. USA-amerikanaren Jesse Owens vann tevlinga etter å ha landa på 8,06 m.

Medaljar i norske meisterskap endre

  • 1927: Sølvmedalje i tresteghopp – 14,31 m
  • 1930: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,09 m, og bronsemedalje i stavhopp – 3,50 m
  • 1931: Gullmedalje i lengdehopp – 7,16 m
  • 1932: Sølvmedalje i lengdehopp – 6,90 m
  • 1933: Sølvmedalje i lengdehopp – 7,03 m
  • 1934: Gullmedalje i lengdehopp – 7,32 m
  • 1935: Gulllmedaljar på 100 meter – 10,9 sekundar, og i lengdehopp – 7,27 m
  • 1936: Gullmedalje i lengdehopp – 7,40 m

Berg var busett i Bærum i Akershus.

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. 1971