Otto von Schrader

Otto von Schrader (18. mars 188819. juli 1945) var ein tysk admiral. Han vart fødd i Aust-Preussen i Tyskland, i det som i dag er Polen.

Tyske offiserar frå Kriegsmarine, Heer og Waffen-SS på synfaring etter eksplosjonen på Vågen. Blant offiserane er Reichskommissar für Norwegen Josef Terboven og admiral Otto von Schrader. I bakgrunnen det skadde Rosenkrantztårnet og Håkonshallen.

Schrader hadde frå april 1940 til 31. januar 1943 tittelen Admiral der Norwegische Westküste. Frå februar 1943 til mai 1945 hadde Schrader tittelen Kommandierender Admiral der Norwegische Westküste, eller kommanderande admiral for den norske vestkysten. Schrader var såleis øvste sjef for den tyske marinen «Kriegsmarine» på vestkysten av Noreg under den andre verdskrigen. Schrader hadde hovudkvarteret sitt i Bergen.

I 1943 godkjende han ved tre høve avrettinger av kommandosoldatar (som kravd i den berykta «Kommando-ordren» frå 18. oktober 1942).[1] [2]

Han tok sitt eige liv den 19. juli 1945 i Bergen.

Kjelder endre