Ein oval (frå latin ovum, ‘egg’) er ein avlang, rund figur[1] forma som eit egg eller ein ellipse. Ovalen kan vere todimensjonal eller tredimensjonal. Til skilnad frå kurver i matematikken er ikkje ein oval veldefinert, og kan ikkje nødvendigvis teiknast ved hjelp av formlar.

Denne eggforma ovalen har berre ein symmetriakse (den horisontale).
Ein oval med symmetri om to aksar.

Det som kjenneteiknar todimensjonale ovalar, er at dei har jamne,[n 1] konvekse kurver og er symmetriske om minst ein akse. Tredimensjonale ovalar kan uttrykkast som lekamar danna ved rotasjon av ein todimensjonal oval om (den lengste) symmetriaksen.

Sjå òg endre

Merknadar endre

  1. Matematisk uttrykt er kurvene kontinuerleg deriverbare (C1); sjå glatt funksjon

Kjelder endre