Overeitt i navigasjon

Innanfor navigasjon er overeitt det som hender når ein navigatør observerer to faste referansepunkt som er på linje med navigatøren. Linja er ei overeittlinje. Om navigatøren observerer to posisjoner, til havs vanlegvis to overeittmerke, og desse er i overeitt veit han at han ligg ein plass på denne overeittlinja.

Overeittline i Kanholmsfjärden

Gode referansepunkt for overeitt må ha ein viss fråstand, jo nærare dei er, jo verre er det å fastsetje om dei er på linje. Navigatøren er òg underlagt vêrforhold og treng gode visuelle tilhøve for å gjere nytte av referansepunkta.

Eitt anna ord for overeitt kan vere méd. Men méd blir oftast nytta om naturlege merke som er overeitt gjerne for å lokalisere fiskeplassar eller liknande.

Kjelder endre