Overlyssnøggleik

Overlyssnøggleik eller overlyshastigheit syner til informasjon eller reiser som har ein snøggleik som er raskare enn lysfarten (c = 299 792 458 m/s). Emnet er populært innanfor fysikk og science fiction.

Det lysande blå i denne atomreaktoren er Cherenkov-stråling som er eit resultat av elektron som reiser raskare enn lysfarten under vatn.

Spekulasjonar og høve for FTL-reise (Faster-than-light) endre

Det finst mange spekulasjonar om korleis ein kan sende informasjon eller eit eventuelt fartøy raskare enn c.

Ormehòl endre

Eit ormehòl er «snarvegar» gjennom romtida frå ein stad i universet til ein annan. Ormehòla vil gje ein høve til å reise frå den eine enden til den andre raskare enn lyset vil brukt langs den vanlege ruta. Dette er eit fenomen frå generell relativitetsteori. For å lage eit ormehòl må ein endre topologien for romtida. Dette kan vere mogeleg innanfor den såkalla kvantegravitasjonen. For å halde eit ormehòl ope må ein ha regionar med negativ energi. Slik eksotisk materie med negativ energi finst kanskje ikkje. Ein har funne ut at om ein kunne lage eit ormehòl så kan dei brukast til å lage tidslike lykkjer i romtida, som vil gje høve til å reise i tid.

Takyon endre

Takyon er hypotetiske partiklar med overlysfart. Takyon har ein imaginær masse, men utgjer likevel verkeleg energi og rørslemengd. Fysikarar flest tvilar på at takyona eksisterer. Desse «partiklane» gjev oss forutan kausalitetsproblem òg problem ved å destabilisere vakuum.

Dagens resultat endre

Det har lenge vore kjend at det teoretisk sett er mogeleg for gruppefarten til lyset kan overgå lysfarten. Eit nyleg eksperiment gjorde slik at gruppefarten av laserstråler reiste gjennom veldig korte avstandar gjennom cesiumatom (Cs) 300 gonger raskare enn lysfarten.

I 2002 sende fysikaren Alain Haché pulsar i ein gruppefart tre gonger raskare enn lysfarten over ein lang avstand for aller første gong. Pulsane vart sende gjennom ein 120 meter lang kabel laga av ein type krystall, men det er ikkje mogeleg å bruke denne teknikken for å sende informasjon raskare enn c.

Kjelder endre