Persuasion (omsett til bokmål som Overtalelse) er den siste romanen skriven av Jane Austen. Persuasion blei utgjeven i 1817, same året Austen døydde, men er datert til 1918. Hovudpersonen i romanen er Anne Elliot, dottera til den sjølvopptekne baronetten Walter Elliot. Tonen i romanen er noko mørkare enn i dei tidlegare romanane til Austen.

Tittelsida til førsteutgåva av Persuasion.

Samandrag endre

På grunn av Sir Walters overdrivande forbruk, er familien tvinga til å leie ut Kellynch Hall. Han og Elizabeth, den eldste dottera hans, flyttar til Bath, mens den mellomste dottera, Anne, blir igjen i Uppercross hos familien til sin yngste syster, Mary. 8 år tidlegare blei Anne overtala av Lady Russel til å bryte trulovinga med mr Wentworth på grunn av den usikre posisjonen hans. Ironisk nok viser det seg at dei nye leiarane av Kellynch Hall er ingen andre enn Wentworths syster og ektemannen hennar. Wentworth sjølv har vendt tilbake for å besøke systera si. Det viser seg at han har hatt stor suksess under Napoleonkrigane, både med omsyn til at han er forfremja til kaptein, og formue. Han opptrer seg veldig formelt og kaldt mot Anne, som han beskriv som ugjenkjenneleg, mens han hyggjer seg i selskap med Henrietta og Louisa Musgrove. Resten av familien spekulerer i kven dei trur Wentworth vil gifte seg med, utan å vite om det tidlegare forholdet mellom han og Anne. Det ser ut til at han føretrekkjer den livlege Louisa, då Henrietta allereie er trulova. Dette er vanskeleg for Anne å vere vitne til, både fordi ho angrar på at ho lét seg overtale, og fordi Wentworth framleis klandrar ho.

Når kaptein Wentworth bestemmer seg for å besøke sin venn, kaptein Harville, i Lyme, blir Familien Musgrove og Anne med han. Her møter dei også kaptein Benwick, som er i sorg etter å miste kona si. Anne reagerer veldig bra på omgjevnadane, og begynner å få tilbake livsgnisten som tiltrekte Wentworth i utgangspunktet. Ein dag pådreg Louisa seg ein hjerneristning på grunn av eit fall frå the Cobb. Anne beheld fatninga, i motsetnad til dei andre, og bidrar med førstehjelp. Wentworth blir imponert over korleis Anne taklar situasjonen, og begynner å vurdere kjenslene hans for ho på nytt. På same tid har Annes positive forandringar trekt til seg merksemd frå ein mann på vertshuset dei bur på. Dette viser seg seinare å vere mr William Elliot, ein nær slektning av ho.

Wentworth får vite at det er forventet at han og Louisa snart skal trulove seg, noko som aldri har vore noko intensjon frå Wentworth si side. Han er blitt meir og meir forvirra over dei fornya kjenslene for Anne. Han føler seg no forplikta til Louisa, men håper på at ein lengre separasjon frå ho, svekkar kjenslene hennar. Familien Musgrove reiser heim til Uppercross, medan Anne reiser til Bath for å vere med faren, systera og mrs Clay. Sistnemnde er veninne av Elizabeth, og det er trudd at ho og sir Walter omsider vil gifte seg. Det viser seg at de har fått selskap av mr Elliot. Viss sir Walter ikkje får ein son, vil arven med tittel gå til mr Elliot. Over lang tid har dei to partane ikkje vore på talefot, men dei er no forsona. Mr Elliot har dessutan blitt rik gjennom giftarmål, men er blitt enkjemann. Anne ser at faren og systera er like overflatiske som alltid, og mistenkjer at forsoninga grunner i mr Elliots nye økonomiske situasjon. Mr Elliot blir forbausa når han finn ut kven Anne er. Sir Walter og Elizabeth trur mr Elliot er interessert i Elizabeth, mens Lady Russel meiner han heller er interessert i Anne, og oppmuntrar Anne til å imøtekomme merksemda hans. Sjølv om Anne set pris på selskapet hans, føler ho det er noko som skurrar med karakteren hans.

I mellomtida overraskar Louisa Musgrove med å trulove seg med kaptein Benwick. Wentworth er "fri", og drar rett til Bath, misnøgd med å finne ut at Anne har fått ein annan beundrar. Anne bruker mogelegheita til å besøke mrs Smith, ei gammal skuleveninne, som avslører at mr Elliot ikkje er heilt til å stole på. Samstundes som han vil gifte seg med Anne, oppmuntrar han også mrs Clay, og vil ha ho som elskarinna hans. Dette for å sikre arven sin, slik at sir Walter ikkje får ein son. Dette gjer at Anne får stadfesting på mistanken sin, og på at dømmekrafta hennar er like god, om ikkje betre enn hos dei andre ho kjenner.

Ved ei sosial anledning overhøyrer Wentworth ein samtale mellom Anne og Kaptein Harville, kor dei er ueinige om kva for kjønn som er trufast lengst. Anne tviheld på at det er kvinna som elskar lengst, sjølv når alt håp er ute. Wentworth får nytt mot over det Anne seier, og skriv eit brev der han frir, og uttrykkjer kjærleiken hans til ho. Det endar med dei fornyar trulovinga deira, og erklærer kjærleiken til kvarandre. Det einaste som kan øydeleggje lukka deira, vil vere ein framtidig krig.

Karakterar i Persuasion endre

Anne Elliot — Ho er Sir Walters andre dotter, og den mest intelligente og reflekterte av dei alle. Anne er no 27 år, og ugift. For 8 år sidan blei ho overtalt av Lady Russel til å bryte trulovinga med (dåverande) Mr Wentworth, fordi han ikkje stod i ein usikker posisjon, både med omsyn til rikdom og framtidsutsikter.

Sir Walter Elliot — Han er enkjemann med døtrene Elizabeth, Anne og Mary. Han er sjølvoppteken og overflatisk, noko som er tydeleg illustrert ved at han dekorerer alle rom med speglar. Han liker ikkje å sosialisere seg med folk som har lågare status enn han sjølv, eller er mindre pene.

Elizabeth Elliot — Ho er den eldste dottera til sir Walter, og er like overflatisk som faren.

Lady Russel — Ho er ein ven av familien Elliot, som ofte kjem med råd. Ho er spesielt god ven med Anne og attpåtil gudmora hennar. Anne stoler på ho, og lèt seg overtale til å bryte trulovinga med mr Wentworth på grunn av den usikre posisjonen hans. Dette viser at Lady Russel også er oppteken av materialisme.

Kaptein Frederick Wentworth — Han var trulova med Anne for 8 år sida på grunn av den usikre posisjonen hans. I løpet av dei 8 åra, har han tent mykje på Napoleonkrigane, og fått stilling som kaptein. Han er broren til Mrs Croft, noko som nok ein gong fører han tilbake til Uppercross. Han er framleis bitter på Anne, og avgjerda ho tok om å bryte trulovinga.

Mr William Elliot — Han er nevøen, og arvtakaren til sir Walter. Han gifta seg med ei velståande kvinne, men med mykje lågare status enn han sjølv, noko som førte til et brudd mellom han og familien. Fleire år etter, har han veldig lyst til å arve barontittelen, og vender tilbake til familien for å hindre at sir Walter får ein son.

Charles Musgrove

Mary Musgrove

Louisa Musgrove

Henrietta Musgrove

Mrs Clay

Mrs Smith

Admiral Croft

Sophia Croft

Kaptein James Benwick

Kaptein Ben Harville

Lady Dalrymple


Kjelder endre

  • Austen, Jane (2006 [1817]). Overtalelse. Oslo: Aschehoug. ISBN 8203210090.