Oxford er ein by og eit administrativt distrikt i Oxfordshire i England, som har ein folkesetnad på kring 150 000 innbyggjarar. Byen hyser Oxford-universitetet, det eldste universitetet i den engelsk-talande verda. Ulikt «rivalen» Cambridge er Oxford òg ein industriby, og er spesielt forbunde med bilproduksjonen i forstaden Cowley. I tillegg finst her industri som stålverk, trykkeri, forlag, elektrotekniske fabrikkar og næringsmiddelindustri.

Oxford

Oxford sett frå Boars Hill
Oxford sett frå Boars Hill
Oxford sett frå Boars Hill
Byvåpenet til Oxford
Byvåpenet til Oxford
Byvåpenet til Oxford
Kallenamn
«The City of Dreaming Spires»
Motto
«Fortis est veritas»
(Sanning er styrke)
Plassering
Oxford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Oxfordshire
Grunnlagd 700-talet
Borgarmeister Cllr John Goddard
Geografi
Flatevidd
 - By

45,59 km²
Innbyggjarar
 - By (2008)
   - folketettleik

153 900
  3 375,7 /km²
Koordinatar 51°45′7″N 1°15′28″W / 51.75194°N 1.25778°W / 51.75194; -1.25778
Diverse annan informasjon
Postnummer OX
Telefon-retningsnummer 01865
Nettstad: www.oxford.gov.uk
Commons har multimedium som gjeld: Oxford

Byen er kjend som «byen med dei drøymande spira», eit omgrep som vart innført av Matthew Arnold som ein referanse til den harmoniske måten bygningane på universitetsområdet vart bygde på. Elva Themsen renn gjennom Oxford, der namnet Isis blir brukt om ei strekning på om lag 4,5 kilometer.

Byen vert i stor grad prega av av Oxford universitet med dei mange collegebygningane, som stort sett har gotiske stiltrekk, og Bodleian Library med lesesalen Radcliffe Camera. Av dei mange kyrkjene i byen finn ein domkyrkja med kjende glasmåleri, St. Michael's (1000-talet) og St. Mary the Virgin (1200-talet), kapellet ved Christ Church College som blei gjort til den minste katedralen i England, og All Saints Church. I byen ligg òg Sheldonian Theatre (1663–1669), ein botanisk hage, og fleire museum. Bydelane i søraust og nord er dominert av industri og bustadstrøk.

Oxford voks opp omkring eit nonnekloster og vart frå kring 1200 eit av dei fremste utdanningssentera i Europa. Sidan 1970 har byen òg vore sete for Oxford Polytechnic. Oxford ligg ved knutepunktet til fleire viktige vegar og elvar, og er ein gammal by, som vart grunnlagd på 700-talet. Han vart forsvart mot åtak frå vikingane og har eit borgtårn frå 1071. Under den engelske borgarkrigen var byen hovudstaden til rojalistane og vart i 1646 kringsett av parlamentstroppane.

Kjende personar frå Oxford endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Oxford
  Reiseguide for Oxford frå Wikivoyage