John Michael «Ozzy» Osbourne (fødd 3. desember 1948) er ein engelsk songar, låtskrivar og TV-personlegdom. Han vart kjend på 1970-talet som solovokalist i heavy metal-bandet Black Sabbath, og i denne perioden fekk han kallenamnet »Prince of Darkness«.[5]

Ozzy Osbourne

Osbourne i 2010
Fødd3. desember 1948 (75 år)
FødestadMarston Green i Warwickshire i England
FødenamnJohn Michael Osbourne
AliasOzzy Osbourne
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1967
Sjanger
InstrumentSynging
Stemmetypetenor
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • låtskrivar
  • Reality-TV-personlegdom
MorLillian Unitt
FarJack Osbourne
Gift medThelma Riley, Sharon Osbourne
BornElliot Kingsley, Jessica Osbourne, Louis Osbourne, Aimee Osbourne, Kelly Osbourne, Jack Osbourne
PrisarGrammypris for beste Metal-band, stjerne på Hollywood Walk of Fame

Fødd i Marston Green og oppvakse i Birmingham, vart Osbourne eit av grunnleggjarane av Black Sabbath i 1968, og var solist frå det sjølvtitulerte debutalbumet i 1970 til Never Say Die! i 1978. Bandet hadde stor innverknad på utviklinga av heavy metal, spesielt dei kritikarroste utgivingane Paranoid, Master of Reality og Sabbath Bloody Sabbath. Osbourne fekk sparken frå Black Sabbath i 1979 på grunn av alkohol- og narkotikaproblem, men fekk ein vellykka solokarriere og har gitt ut 13 studioalbum, og dei sju første fekk multiplatinum-sertifiseringer i USA. Osbourne har sidan gjenforeina seg med Black Sabbath ved fleire høve. Han kom tilbake i 1997 og var med på å spela inn det siste studioalbumet i gruppa, 13 (2013), før dei la ut på ein avskjedsturné som vart avslutta med ein opptreden i heimbyen Birmingham i februar 2017. Hans lange levetid og suksess har gitt han den uformelle tittelen «Godfather of Metal».[6][7].

Osbournes totale albumsal frå åra i Black Sabbath, kombinert med soloarbeidet hans, er på over 100 millionar.[8][9] Han vart innlemma i Rock and roll Hall of Fame som medlem av Black Sabbath og i UK Music Hall of Fame som soloartist og som medlem av bandet. Han har vorte heidra med stjerner på Hollywood Walk of Fame og Birmingham Walk of Stars. På MTV Europe Music Awards 2014 fekk han Global Icon Award. I 2015 fekk Osbourne Ivor Novello Award for Lifetime Achievement frå British Academy of Songwriters, Composers and Authors.

På byrjinga av 2000-talet vart Osbourne ein reality-tv-stjerne, og opptredde som seg sjølv i MTV-realityprogrammet The Osbournes saman med kona og manageren Sharon og to av dei tre barna deira, Kelly og Jack. Han speler saman med Jack og Kelly i tv-serien Ozzy & Jack's World Detour. Den tredje sesongen i serien hadde premiere i juni 2018

Diskografi endre


Solo

Studioalbum

Black Sabbath

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Black Sabbath.
Studioalbum

Filmar endre

Kjelder endre

  1. «Black Sabbath». AllMusic. Arkivert frå originalen 16. august 2015. Henta 21. juli 2015. 
  2. Følgjande referansar omtaler Osbourne som glam metal eller puddelrock:
  3. «Ozzy Osbourne Stares Down His Demons with a Smile on 'Ordinary Man'». Rolling Stone. 21. februar 2020. 
  4. «Ozzy Osbourne - Ordinary Man | Album Reviews». 21. februar 2020. 
  5. Bader, David Von (30. juli 2013). «Ozzy Osbourne, the Prince of Darkness, on His Nickname: »It's Better Than Being Called an Asshole"». Henta 7. september 2018. 
  6. «Ozzy Osbourne: the Godfather of Metal». NYRock.com. June 2002. Arkivert frå originalen 31. oktober 2013. Henta 16. desember 2009. 
  7. Emre, Yunus (15. mai 2023). «Når forlot Ozzy Osbourne Black Sabbath?». Metal Shout (på engelsk). Henta 16. mai 2023. 
  8. Wall, Mick (1986). Diary of a Madman - The Official Biography. Zomba Books. 
  9. Ozzy Osbourne To Receive Billboard's Legend Of Live Award Billboard; henta 8. desember 2010
  10. Ewing, Jerry (26. februar 2020). «Watch the trailer for Rockfield film starring Hawkwind, Ozzy and more». Louder. Henta 27. februar 2020. 
  11. «Ozzy Osbourne, Robert Plant and Oasis in Rockfield Studio Film». Classic Rock. 27. februar 2020. Henta 27. februar 2020. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Ozzy Osbourne
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Ozzy Osbourne