Pădurea Craiului-fjella

Pădurea Craiului-fjella er ei fjellkjede i den nordvestlege delen av Apusenifjella i Karpatane, mellom Vad-Borod-senkinga og Beiuş-senkinga i Romania. Dealurile Vestice (Vesticeåsane) ligg vest for desse fjella og Vlădeasafjella ligg i aust. Den høgaste toppen i Pădurea Craiului er Hodrâncuşa på 1027 meter over havet. Namnet Pădurea Craiului tyder bokstavleg «Skogskongen».

Fjella dekkjer eit areal på 1150 km² og ligg sentralt i den austlege delen av Bihor fylke, og utgjer 15,2 % av fylkesarealet. Dei er òg det nærastliggande fjellområdet til Oradea (som ligg 35 km bort frå Vârciorog og 60 km frå Şuncuiuş).

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre