Pčinja (serbisk Пчиња) eller Ptsjinja (makedonsk Пчиња) er ei 128 km lang elv i Serbia og Nord-Makedonia og ei av sideelvane til Vardar frå venstre.

Pčinja
elv
Land  Nord-Makedonia,  Serbia
Nedslagsfelt 3 147 km²
Lengd 128 km
Middelvassføring 14 /s
Kjelde Fjellet Dukat i Serbia
Munning Vardar
Kart
Pčinja
41°49′08″N 21°40′20″E / 41.819°N 21.6722°E / 41.819; 21.6722
Wikimedia Commons: Pčinja

Serbia endre

Pčinja spring ut frå fleire småelvar på vestsida av fjellet Dukat. Ved Trgovište mottar ho Lesnička reka (Лесничка река). Regionen som elva renn gjennom er det området i Serbia som der folketalet fell raskast og er det minst økonomisk utvikla området i landet. Etter at Pčinja renn forbi Široka planina og landsbyen Šajintse snur ho sørover og inn i den smale dalen mellom fjella Rujen og Kozjak. Etter 45 km kryssar Pčinja grensa til Nord-Makedonia.

Nord-Makedonia endre

Dei siste 83 km renn elva sakte sørvestover. Ho renn mellom anna gjennom Katlanovo. Ho renn på vestsida av fjellet Gradištanska og munnar så ut i Vardar halvvegs mellom byane Skopje og Veles.

Kjenneteikn endre

Pčinja høyrer til Egearhavet sitt nedslagsfelt, og drenerer eit område som dekkjer 3 140 km², der 1 247 km² ligg i Serbia og 1 893 km² i Nord-Makedonia. Ved munningen har ho ei middelvassføring på 14 m³/s og ho er ikkje framkommeleg for elvefart.

Kjelder endre