Eit pH-meter er eit instrument til å måla pH med. pH-meter har ofte ein ioneselektiv glasselektrode og ein referanseelektrode med konstant potensial.

For at pH-verdien vi les av pH-meteret skal vere rett, må pH-meteret ha blitt kalibrert på førehand. Dette gjer me ved å sette pH-meterets elektrode i minst to ulike bufferar som vi veit har rett pH; til dømes ein med pH 7, og ein med til dømes pH 4 eller pH 10. pH-meteret vil justere seg etter bufferane, slik at det veit kva spenninga er ved dei ulike forholda mellom H+ og OH-.

Eit typisk pH-meter er eit millivoltmeter med 2 elektrodar. Den eine elektroden er ein glaselektrode som reagerer på endringar i konsentrasjonen av hydrogenion i løysinga ein måler. Den andre elektroden er ein referanseelektrode som ikkje blir påverka av hydrogeniona, men som har konstant potensial. Referanseelektroden verkar som ein slags nullstillar for pH-meteret.

Dei to elektrodane kan brukast kvar for seg som i eit galvanisk element, men vanlegvis er dei slått saman til ein kombinasjonselektrode. Når elektrodane blir sett ned i ei løysing, oppstår det ei spenning mellom dei, alt etter konsentrasjonen av hydrogenion i løysinga. Det er denne spenninga pH-meteret måler. Det blir målt i mV, og omsett til pH. Ei pH-eining er det same som 59 mV ved 25 grader celsius.

Eksempel på pH-meter
Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.