For målemetoden i hjarteundersøkingar, sjå PISA i ekkokardiografi.

PISA står for Programme for International Student Assessment, og er eit internasjonalt forskingsprosjekt i regi av OECD. Føremålet er å kartleggje kva kompetanse skuleelevar har i lesing (i morsmålet),matematikk og naturfag, og det er 15-åringar som vert testa. Studien vert gjennomført kvart tredje år med ulik vekt på dei tre fagområda. I 2000 var det lagt vekt på lesing, i 2003 på matematikk og i 2006 på naturfag. I undersøkinga i år 2009 låg hovudvekta igjen på lesing. Resultata frå denne undersøkinga vert publiserte hausten 2010.

I Noreg er Institutt for lærarutdanning og skoleutvikling ved Universitetet i Oslo prosjektansvarleg.

Bakgrunn endre

Medlemslanda i OECD har sett i gang PISA for å fremje den kompetansen som ein meiner at unge innbyggjarar treng for å fungere i eit moderne samfunn. Utgangspunktet er at ein meiner utdanning og skule utgjer investeringar for framtida. Dette utgangspunktet må sjåast i samanheng med føremålet åt OECD om å fremje økonomisk samarbeid og vekst.

Lesing er vald som kunnskapsområde av di det utgjer ein basis for andre former for skulefagleg kompetanse. Naturfag og matematikk er valde av di desse faga vert sedde på som særleg viktige i samfunn som er avhengige av vitskapleg og teknologisk utvikling.

På same tid fokuserer PISA på breiare og meir integrerte former for kompetanse enn som har vore vanleg i andre testar, dvs. at ein legg ikkje berre opp til å måle dugleikar (ferdigheiter), men òg har som mål å sjå på korleis elevane trekkjer slutningar og korleis dei bruker kunnskap i ein konkret samanheng. Difor legg ein opp til oppgåver som er meinte å vere røyndomsnære og knytte til aktuelle situasjonar i moderne samfunn. PISA prøver òg å kartleggje òg læringsstrategi, motivasjon og sjølvoppfatning hjå elevane. Testane inneheld òg spørsmål som gjeld arbeidsmiljø i klasserommet.

OECD har eit skulepolitisk mål om at PISA skal gje ulike styresmakter kunnskap om sterke og svake sider ved læreplanar og læringsresultat i dei ulike landa.

Metode endre

PISA-undersøkinga blir gjennomført kvart tredje år, med vekt anten på lesing, matematikk eller naturfag. Nokre av tekstane og oppgåvene går igjen frå gong til gong, slik at det blir mogleg å fastslå korleis det faglege nivået utviklar seg. Ønsket om å måle endringar over tid er bakgrunnen for at ikkje alle tekstar og oppgåver i PISA-undersøkinga blir publiserte.

Datamaterialet til PISA-undersøkinga blir samla inn fri løpet av ein seks månader lang periode, frå 1. mars til 31. august i prøveåret. Frå kvart av deltakarlanda i PISA må minst 150 skular og minst 4500 elevar delta. Det internasjonale PISA-senteret avgjer kva for nokre skular og elevar som skal vere med i undersøkinga. Elevar kan bli trekte ut sjølv om dei går på vidaregåande skular eller på spesialskular.

Oppgåvene i PISA er bygde opp av eit stimuli (ein tekst, ein tabell, eit kart, e.l.) og spørsmål som passar til dette stimuliet. Til kvart stimuli finst fleire spørsmål, slik at elevane kan arbeide grundig med teksten framfor å setje seg inn i heilt nye samanhengar for kvart spørsmål.

Om lag 60 prosent av oppgåvene er fleirvalsoppgåver, der elevane skal krysse av det svaralternativet som verkar mest riktig. Dei resterande 40 prosent av oppgåvene er såkalla opne oppgåver, der elevane sjølve skal forfatte eit svar. Eit spesialutdanna rettekorps vurderer seinare kvart enkelt elevsvar med utgangspunkt i ein internasjonal vurderingsrettleiing.

Resultat endre

I PISA-undersøkinga frå 2006 skårar elevar frå Finland høgast av alle landa i naturfag. Noreg kjem dårlegast ut av dei nordiske landa, og berre seks OECD-land skårar svakare. Tek ein utgangspunkt i dei nivåa som er fastsette i PISA-analysen, kan ein kalle elevar som presterer på dei tre høgste nivåa (nivå 4-6) for "fagleg sterke elevar". Blant dei finske elevane er 53 prosent "fagleg sterke", mot berre 23 prosent for dei norske elevane.

I lesing gjer Sør-Korea og Finland det best. Både Sør-Korea og Polen har gått sterkt fram frå 2000 til 2006, mest sannsynleg på grunn av endringar i utdanningspolitikken. Noreg ligg no under gjennomsnittet for OECD og presterer markant dårlegare enn i 2000 og 2003.

I matematikk gjer Finland det best av OECD-landa, men dei aller beste resultata oppnådde ikkje-medlemslandet Taiwan. Av dei ti beste landa er fem frå Aust-Asia. Noreg kjem under gjennomsnittet for OECD og skårar også på dette området svakare enn i 2000 og 2003.

Eit viktig funn i PISA-undersøkingane er skilnaden mellom gutar og jenter. Noreg er eit av dei landa med minst skilnader mellom kjønna i realfaga. Skilnaden er ikkje signifikant når det gjeld naturfag, men gutane presterer signifikant betre enn jentene i matematikk. Når det gjeld lesing, er differansen stor i favør av jentene. I lesing tilsvarer skilnaden mellom gutar og jenter om lag eit skuleår.

I dei norske PISA-resultata frå 2007 viser leseforståinga seg å variere signifikant mellom ulike typar oppgåver: Norske elevar gjorde det dårlegare på oppgåver som kunne karakteriserast som "vaksne" eller "keisame", og betre på oppgåver som vart oppfatta som "morosame". At finske elevar gjorde det mykje betre på slike oppgåver vert i den norske PISA-rapporten grunngjeve med at "finske elever står på og jobber like hardt med kjedelige oppgaver som med morsomme".

Samfunnsdebatt endre

Dei tre PISA-undersøkingane frå 2000, 2003 og 2006 har ført til ein brei diskusjon om tilstanden i den norske skulen.

Alle dei politiske partia på Stortinget har uttrykt tillit til PISA-undersøkinga, men PISA-undersøkinga har likevel vore kontroversiell. Tidlegare statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Helge Ole Bergesen, skriv i boka "Kampen om kunnskapsskolen" (2006) at kunnskapsminister Kristin Clemt brukte PISA-undersøkinga for alt ho var verdt for å etablere ein testkultur i den norske skulen.

Den kritikken som har kome mot PISA-undersøkinga, kan delast i to hovudtypar. Den eine hovudtypen av kritikk går ut på at PISA-undersøkinga har fått for stor plass i det offentlege ordskiftet: PISA-undersøkinga er berre ein av fleire internasjonale undersøkingar, og PISA-undersøkinga måler ikkje viktige fag og ferdigheiter som historie, kreativitet og skriving.

Den andre hovudtypen av kritikk rettar seg ikkje mot bruken av PISA-undersøkinga, men mot PISA-undersøkinga i seg sjølv. Kritikarane har mellom anna peika på at vanskegraden på oppgåvene kan bli ulik frå land til land når oppgåvene blir omsette frå eit språk til eit anna, eller at oppgåvene handlar om tema og problem som er meir aktuelle i nokre land enn i andre. Det er òg peikt på at oppgåvene er teksttunge, og at dei dermed i større grad måler leseforståing enn t.d. naturfagleg løysingskompetanse. PISA-forskarar avfeier noko av denne kritikken ved å vise til at alle OECD-land er med på å velje ut tekstar og oppgåver til PISA-prøvene.

Forskarar som vil setje validiteten og reliabiliteten til PISA-undersøkinga på prøve, kan få tilgang til eit omfattande datamaterialet frå den internasjonale nettstaden til PISA (www.pisa.oecd.org). Forskarar kan også få tilgang til PISA-oppgåvene ved å vende seg til dei nasjonale PISA-sentera (ILS i Noreg).

Bakgrunnsstoff endre

  • Den norske PISA-sida
  • Den internasjoonale PISA-sida
  • Kjærnsli, Marit; Lie, Svein; Olsen, Rolf Vegar og Roe, Astrid. 2007. Tid for tunge løft. Norske elevers kompetanse i naturfag, lesing og matematikk i PISA 2006.
  • Sjøberg, Svein. 2007. Internasjonale undersøkelser: Grunnlaget for norsk utdanningspolitikk. I Hølleland, Halvard. "På vei mot Kunnskapsløftet." Oslo. Cappelen. [1]