Pachacamac er ein ruinby som ligg berre 40 km sørvest for Lima i Peru. Staden har minst ein pyramide, eit gravområde og fleirfarga freskar av fisk frå tidleg horisont ca år 200–600 e.Kr. Seinare vart byen konstruert, truleg som eit administrativt senter av warikulturen (ca. år 600–800). Wari har influert på design som ein finn i tallause døme i keramikk, tekstilar og graver frå denne perioden. Etter at waririket braut saman, heldt veksten fram i Pachacamac som ein bystat til det ende opp som eit større rike. Pachacamac fekk aldri same utbreiing som Wari. Majoriteten av felles arkitektur og tempel vart bygde i den siste perioden ca 800–1450.

Pachacamac
ruin
Land  Peru
Kart
Pachacamac
12°15′29″S 76°54′00″W / 12.258056°S 76.9°W / -12.258056; -76.9
Wikimedia Commons: Pachacamac

Alt tyder på at Pachacamac som stat kollapsa då inkariket ekspanderte. Då oppstod ein mindre lokal stat kalla Ichma som i første rekke nytta Pachacamac som ein religiøs stad for dyrking av Pacha Kamaq-guddommen. Pachacamac var ein mykje akta religiøs institusjon på slutten av 1400-talet då inkaene kom. Ichma vart assimilert i inkariket snarare enn erobra og byen vart då eit viktig administrativt senter. Inkaen heldt i stand staden som ein relikvie og tillét presteskapet å halde fram utan bindingar til inkapresteskapet. Den religiøse læra i Pachacamac vart assimilert i inkareligionen. Inkaene bygde fem nye bygningar, medrekna soltempelet i senteret og ein bygning for heilage kvinner.

Pachacamac husa eit orakel som inkaen freista å gjere nytte av. Atahualpa fekk dårleg røynsle med oraklet og presteskapet. Oraklet hadde hevda at om Huayna Cápac vart teken ut i sola ville han kome seg av kopparsjukdomen, oraklet hadde meint at opponenten Huáscar ville slå Atahualpa i borgarkrigen og oraklet hadde råda Atahualpa til å krige mot dei kristne og dei ville då drepe inntrengjarane. Oraklet tok feil på alle punkt.

Francisco Pizarro heldt Atahualpa i fangenskap i Cajamarca (1532–1533), fekk Pizarro høyre om Pachacamac og sende broren Hernando Pizarro ned dit for å rane senteret for gull- og sølvskattar. Han fekk eit skuffande dårleg utbytte, og spanjolane mistenkte presteskapet for å ha plassert skattane på ein løynleg stad som dei ikkje kunne finne.

Kjelder endre

  • Hemming, John: The Conquest of the Incas. Macmillan, 1970.
  • Mcleish, K. (1996) Myths and Legends of the World, The Complete Companion to all Traditions, Blitz, United Kingdom.

Bakgrunnsstoff endre