Padang er ein storby vest på øya Sumatra i Indonesia. Byen, som er administrativt hovudsete for provinsen Sumatera Barat, hadde 833 584 ibuarar ved folketeljinga 2010.[1]

Utsyn over Padang
Padangs plassering på Sumatra

Dei fleste ibuarane er av minangkabau-folket,som talar sitt eige språk, minangkabau. Ein kinesisk minoritet held til sør i byen. Minangkabauane er jamnast muslimar, medan kinesarane jamnast kristne.

Soge endre

Padang er den største hamnebyen på vestkysten av Sumatra. Byen har vore ein viktig handelsstad sidan 1500-talet. Frå den tid og på 1600-talet vart dyrkinga og handelen med svart pepar utvikla, denne vart utskipa til India, Portugal, Storbritannia og Nederland.

Byen var ein nederlandsk handelspost frå 1680, med unnatak for periodane 1781-84 og 1795-1819 då det britiske kolonistyret rådde over staden.

Frå omkring 1780 var gull Padangs viktigaste handelsvare, basert på utvinning av gull i omlandet. Då gruvene var tømt, vart kaffi og tekstilar økonomisk viktige. I vår tid er det særleg sement, kanel, steinkol, kaffi, muskatnøtt, gummi, kopra og te som dannar grunnlaget for levemåten.

Padang har utvikla ei turistnæring, mykje ettersom byen er utgangspunkt for surfarar som ferierar ved Mentawaiøyane. Andalas-universitetet i byen vart grunnlagt i 1956.

Den 30. september 2009 vart byen skaka av eit jordskjelv målt til 6,8 på richterskalaen. Fleire bygningar rasa saman og tusenvis av menneske hamna under rasmassane. Ein reknar med at i kring 1 200 personar omkom i jordskjelvet.

Kjelder endre

  1. Badan Pusat Statistik, Indonesia; Hasil Sensus Penduduk 2010, Publikasi Provinsi dan Kabupaten Hasil Sementara SP2010.