Jimmy Page og Robert Plant, begge tidlegare frå det engelske rockebandet Led Zeppelin, samarbeidde i lag på siste halvdel av 90-åra som Page and Plant. Duoen kom saman i 1994 og etter ein særs suksessrikt album la dei ut på ein verdsturne. Det andre albumet deira vart òg etterfølgd av ein ny verdsturne, før dei gav seg i 1998. Dei kom saman att ein kort periode i 2001.

Page and Plant

OpphavLondon i England
Aktiv1994–1998, 2001
SjangerHardrock, Folkrock, symfonisk rock, verdsmusikk, bluesrock
Tilknytte artistarLed Zeppelin, Coverdale and Page, Strange Sensation
PlateselskapAtlantic Records (US)
Fontana Records
Mercury Records
MedlemmerJimmy Page
Robert Plant
Charlie Jones
Michael Lee
Ed Shearmur

Dei første planane om ei gjenforeining vart gjort i 1993 då dei diskuterte høvet for å spele for serien MTV Unplugged. Dei spelte inn konserten i London med musikarar frå Marokko og Egypt. Dei spelte fleire Led Zeppelin-songar, ofte i nytt arrangement, og fire nye songar. Konserten vart send 12. oktober og vart ein så stor suksess at dei valde å legge ut på ein turne i lag, som starta i februar 1995. Den første konserten resulterte i albumet No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded og kom ut i november 1994.

Med seg på turneen hadde dei Charlie Jonesbass og perkusjon, Michael Leetrommer, Porl Thompsongitar og banjo, Najma Akhtar på korvokal, Jim Sutherlandmandolin og bodhrán, Nigel Eatonlirekasse, og Ed Shearmur på Hammondorgel med orkesterarrangement. Page:

« Det var heroisk å ta noko slikt med seg rundt om i verda, fordi det var to orkester: eit vestleg og eit arabisk med ein lirekasse. Det var ikkje lett, men det var verdt det.[1] »

Etter turneen gjekk dei to artistane i studio og spelte inn Walking into Clarksdale, eit album med berre nye songar. Det selde ikkje like godt som Unledded og etter ein turne vart Page/Plant oppløyst.

I juli 2001 spelte dei igjen i lag på Montreux Jazz Festival.

Diskografi endre

Album
År Namn
1994 No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded
1997 The Inner Flame: Rainer Ptacek Tribute (samling)
1998 Walking into Clarksdale
Videoar
År Namn
2004 No Quarter: Jimmy Page and Robert Plant Unledded

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Charles Shaar Murray, “The Guv’nors'”, Mojo, August 2004, s. 75.