Pai er ein matrett laga av ei deigskorpe som blir steikt med fyll oppi eller inni. Han blir laga ved at ein kler ei form med deigen og legg eit fyll oppi deigen. Fyllet kan til dømes vera kjøt, fisk, frukt eller bær. Ofte blir det òg lagt eit deiglok oppå, som kan vera heilt eller fletta av deigstrimlar. Pai blir steikt i omn, og kan etast varm eller kald.[1]

Nektarin-pai.
Engelsk pork pie med deigskorpe rundt heile paien.

Paideig endre

Paideig er deig som kan brukast til å laga skorpe på ein pai, på undersida, sidene og eventuelt oppå paien. Det finst fleire deigtypar ein kan bruka til dette. Mørdeig av mjøl, feitt og eventuelt kaldt vatn er vanleg.[2][3] Tertedeig av like delar smør og mjøl, med vatn og nokre gonger eddik, kan også brukast.[4]

Ein anna type paideig blir laga med varmt vatn. Dette gjev ei hardare, meir væskehaldig skorpe, og blir brukt mykje til britiske kjøtpaiar.[5] Ein kan også laga gjærdeig med gjær og varmt vatn.[6]

Nokre paideigoppskrifter nyttar egg.[7] Deig til søte paiar kan innehalda ulike former for sukker.[8]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «pai» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Grunnoppskrift til paideig», Oppskrift.no (på norsk), henta 9. juni 2019 
  3. «Paideig», www.matprat.no (på norsk), henta 9. juni 2019 
  4. «tertedeig». Store norske leksikon (på norsk). 23. november 2017. 
  5. Lepard, Dan (24. november 2007). «Baking Guide: Hot water crust pastry». The Guardian (på engelsk). ISSN 0261-3077. 
  6. AS, TV 2, «Femløkspai med parmesanbunn», TV 2 (på norsk bokmål), henta 9. juni 2019 
  7. «Pai med Tine Jarlsberg ost, bacon & vårløk, salat med Tine cottage cheese vinaigrette», www.jacobs.no (på norsk), arkivert frå originalen 9. juni 2019, henta 9. juni 2019 
  8. Jacobsen, Aase E. (30. mai 2019), «UKENS KAKE: Lag denne vrien på rabarbrapaien», Aperitif.no (på norsk), henta 9. juni 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pai
  Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.