Pakora eller pakoda (hindi पकोड़ा, urdu پکوڑا [pakōṛā], pl.  पकोड़े [pakōṛē]) er ein indisk matrett som blir laga ved dypping av grønsaker eller kjøt i ei røre av kikertermjøl og frityrkokt i vegetabilsk olje. Grønsakslag som ofte blir bruka til pakora er blomkål, løk, aubergin, tomat, potet og spinat, medan kylling er eit vanleg kjøtslag.

Ein tallerken med løk- and potetpakore.
Foto: «Knowledge Seeker

Pakora blir gjerne servert som eit lite snacksmåltid, gjerne saman med indisk te, eller som forrett. Retten er ofte ein del av iftar, kveldsmåltidet der ein bryt ramadan-fasta, for sørasiatiske muslimar.

Dei er også utbreidde som snøggmat i Storbritannia, der dei finst både i indiske restaurantar og i andre matutsal, som kioskar og matbutikkar. I Skottland er det til og med utvikla ein haggis-pakora.

Japansk tempura kan minna litt om pakora, men er mindre krydra.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre