Paldiski er ein hamneby ved Austersjøen i Estland. Han ligg på Pakrihalvøya nordvest i landet. Opphavleg var han ein svensk busetnad kalla Rågervik, og vart ein russisk marinebase på 1700-talet. Russarane kalla staden Балтийский Порт eller Baltijskij Port, som tyder «Austersjøhamna» i 1762, og den estiske uttalen Paldiski vart det offisielle namnet i 1933.

Paldiski
Horisonten til Paldiski
Horisonten til Paldiski
Flagget til Paldiski Byvåpenet til Paldiski
Flagget til Paldiski Byvåpenet til Paldiski


Plassering
Paldiski is located in Estland
Styresmakter
Land  Estland
Maakond Harju maakond
Borgarmeister Kaupo Kallas
Geografi
Flatevidd
 - By

60,17 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

4 224
  70,2 /km²
Koordinatar 59°21′0″N 24°03′0″E / 59.35000°N 24.05000°E / 59.35000; 24.05000
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.paldiski.ee

Sovjettida endre

 
Forlatne militærbygningar i Paldiski (1999).

I 1962 vart Paldiski eit treningssenter for atomubåtar i den sovjetiske marinen. Med to landbaserte atomreaktorar og 16 000 tilsette, var han ein av dei største anlegga av sitt slag i Sovjetunionen. På grunn av dette var heile staden ein lukka by med piggtrådgjerde rundt fram til det siste russiske krigsskipet forlét hamna i august 1994. Russland gav frå seg kontrollen over anlegget i september 1995.

Nyare tid endre

Etter Estland fekk sjølvstendet sitt, hadde ikkje byen nok estiske innbyggjarar, og Paldiski vart underlagt Keila fram til 30. oktober 1996. Han ligg 45 km vest for Tallinn og er i dag ein eigen kommune med fast ferjesamband til Kapellskär i Sverige (operert av Tallink). Tomme sovjetiske bustadblokker utgjer store delar av byen, og restane etter militærbasane finst over store område.

Anlegget i dag endre

I dag har byen berre om lag 4000 innbyggjarar. Fram til nyleg var det berre eit lite hotell i byen, medan det no er to daglegvareforretningar, ei alkoholsjappe, ein bank og ei kro.

 
Bustadhus i eit av dei fattigare områda av byen.

Paldiski er endestasjon på jernbanelinja Elektriraudtee, som går inn til hovudstaden.

Kjende folk frå Paldiski endre

Galleri endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre