Paleó Fáliro
Lokalt namn Παλαιό Φάληρο

Museumsskipet Jeórjos Avérof i Paleó Fáliro
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 37°56′N 23°42′E / 37.933°N 23.700°E / 37.933; 23.700
Areal 4,574 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Sør-Aten
Hovudsete Paleó Fáliro (64 021 innb.)
Demografi
Folketal 64 021 (2011[1])
Folketettleik 13 997 /km²

Paleó Fáliro (gresk Παλαιό Φάληρο, tyder Gamle Fáliro) eller Palaio Faliro, eldre former Palaion Faliron eller Paleon Faliron, er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Området ligg søraust for Aten og Pireus og er kjend for å ha dei strendene som ligg nærast Aten.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde, men mellom 1920- og 1930-åra vart det kraftig urbanisert og i dag er det stort sett berre bustadområde igjen. Området er åslendt og har nokre åstoppar som går austover til fjellet Ymittós.

Paleó Fáliro har strender langs Saroniabukta. Lystbåthamna (Marína Alímou) ligg i søraust, medan Trokaderóhamna ligg i nordvest.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre