Paleoproterozoikum

den første og eldste (2,5–1,6 Ga) av dei tre proterozoiske æraene; tida består av fire periodar og kan delast opp i tidleg paleoproterozoisk (2,5–2,3 Ga), mellompaleoproterozoisk (2,3–1,8 Ga) og seinpaleoproterozoisk tid (1,8–1,6 Ga)
Paleoproterozoikum
2500 - 1600 millionar år sidan
Viktigaste hendingar i
paleoproterozoikum
sjå • diskuter • endre
-2500 —
-2400 —
-2300 —
-2200 —
-2100 —
-2000 —
-1900 —
-1800 —
-1700 —
-1600 —
Ein omtrentleg tidsskala for dei viktigaste hendingane i paleoproterozoikum. Skalaen på aksen er «millionar år sidan».

Paleoproterozoikum er den første av tre æraer i proterozoikum og varte frå 2500 millionar år sidan til 1600 millionar år sidan. Dette er perioden då dei første stabile kontinenta oppstår. Dei første cyanobakteriane dukkar òg opp. Dei er ein type bakteriar som nyttar den biokjemiske prosessen fotosyntese til å produsere energi og oksygen.

Før den kraftige auken av oksygen i atmosfæren var nesten alt liv som eksisterte anaerobe, altså er stoffskiftet til livsforma avhengig celleanding som ikkje krev oksygen. Fritt oksygen i store mengder er giftig for dei fleste anaerobe bakteriar, og på denne tida forsvann det meste av livet på jorda. Dei einaste livsformene som vart att var dei som anten var resistente mot oksidering og dei giftige effektane oksygenet hadde, eller dei som eksisterte i eit oksygenfritt miljø. Denne hendinga vert kalla oksygenkatastrofen.

Dei første fossila av grypania og eukariotar dukkar opp i denne perioden.

Dei eldste fjellformasjonane som i dag eksisterer er frå denne perioden, Wopmay forkastingssone i Canada (vest for Hudson Bay, 2100-1800 millionar år sidan).

Bakgrunnsstoff endre

Proterozoikum
Paleoproterozoikum Mesoproterozoikum Neoproterozoikum
Siderium Rhyacium Orosirium Statherium Calymmium Ectasium Stenium Tonium Kryogenium Ediacara