Palestina er eit område i Midtausten. I etterkant av andre verdskrigen vart kring halvparten av området proklamert som staten Israel (1948), mens palestinarane gjer krav på heile området som sitt rettmessige land.

Satellittbilete av Palestina

Namnet Palestina stammar frå filistrane som frå 1100 før kristus utgjorde størsteparten av befolkninga i området omkring Gaza. I år 135 e.Kr. vart den tidlegare provinsen Judæa omorganisert og gjeven namnet Syria Palæstina som provins under det dåverande Romarriket. Palestina var ein del av det britiske palestinamandatet frå 1920 til 1948. I 1922 vart den delen av det britiske mandatområdet Palestina som låg aust for Jordanelva avdelt som kongedømet Transjordania (det noverande Jordan).Staten Israel vart proklamert i 1948 på 78 prosent av den delen av det historiske Palestina som ligg vest for Jordanelva. PLO proklamerte staten Palestina på Vestbreidda og Gaza i 1988 men vart ikkje anerkjend av Israel og den vestlege verda. Dei palestinske sjølvstyresmaktene vart oppretta på avgrensa delar av Vestbreidda og Gaza i 1993 som følgje av Oslo-avtalen.

Området har kyst mot Middelhavet, og grensar mot Egypt, Libanon, Syria og Jordan. Viktige elver og vassdrag er Jordanelva, Tiberiasjøen og Dødehavet. Området Palestina utgjer er eit heilag land for jødedomen, islam og kristendomen. Området står òg sentralt i religionar som bahá’í.

Moderne statsdanningar i Palestina endre