Palmerston North (maori Te Papa-i-oea) er den største byen i regionen Manawatu-WanganuiNordøyaNew Zealand. Han er ein innlandsby med eit folketal på 79 800 (estimat juni 2008). I 2008 var byen den ellevte største på New Zealand, og sentrum i det sjuande største urbane området. Han er òg administrasjonssenter i distriktet med same namn. Ein stor del av innbyggjarane er studentar ved Massey University, Universal College of Learning (UCOL) eller International Pacific College[2] i studiesemestera. Meir enn halvparten av innbyggjarane i byen er under 25 år, og byen vert nemnt som ein studentby.

Palmerston North
by
Land  New Zealand
Region Manawatu-Wanganui
Areal 395 km²
Folketal 83 500  (2015[1])
Kart
Palmerston North
40°21′18″S 175°36′42″E / 40.355°S 175.6116°E / -40.355; 175.6116
Wikimedia Commons: Palmerston North

Innbyggjarane vert kalla Palmerstonians og kallar sjølve byen for «Palmy».

Namn endre

Byen vart først kalla «Palmerston» til ære for viscount Palmerston, ein tidlegare statsminister i Storbritannia. Endinga «North» vart lagd til av Postverket i 1871 for å skilja byen frå busetnaden PalmerstonSørøya.

Maorinamn endre

Den maorispråklege omskrivinga av Palmerston North er «Pamutana», men denne er lite i bruk, medan «Papa-i-oea» (til vanleg avkorta til Papaioea) er den føretrekte nemninga. Ein meiner at Papa-i-oea tyder 'så vakkert det er'.[3]

Historie endre

Den lokale maori-iwien var Ngāti Rangitāne som heldt til i området dei kalla Te Ahu-a-Turanga.[4] då handelsmannen Jack Duff kom til staden som den første kjende europearen i 1830. Han kom frå ein kvalfangstbåt, og utforska landet så langt inn som til staden Woodville. Han rapporterte om oppdagingane sine då han kom attende til Porirua. Oberst Wakefield fekk høyra om utviklingressursane i Manawatu, og reiste dit i 1840. I 1846 hadde ein annan handelsmann, Charles Hartley, fått nyss om maoriland (tangata whenua) i ein lysning i skogen, og han tok seg fram gjennom tett kratt og skog og oppdaga denne staden.[3]

Regjeringa målte opp området i 1866-67. Den opphavlege inndelinga av Palmerston North vart gjort i 1866, i den naturlege lysningen i Papaioea Forest, som Hartley hadde funne. Ein busetnad vart målt ut av J.T. Stewart, ein tilsett i provinsstyret i Wellington.[5]

Stewart sin byplan hadde ei rekkje vide og rette gater lagde ut i eit rektangulært mønster, der midtpunktet var ein open plass på sju ha, seinare kjend som The Square. Av landemerke oppkalla etter Stewart finst Stewart Crescent i Palmerston North og Mount Stewart nær Sanson.

Dei fire opphavlege gatene som møtest i The Square, ber no namna Fitzherbert Avenue, Main Street East, Main Street West og Rangitikei Street. Etter som busetnaden voks, vart skogen rydda for å gje plass for gardsbruk, og i dag finst det knapt noko att av han.

I 1877, då bystyret vart oppretta, var Palmerston North ein isolert landsby midt inne i den naturlege skogen som då kledde det indre av Manawatu. Folketalet var om lag 800, og sagbruksverksemd den viktigaste næringa i distriktet. Jarnvegen nådde byen i 1886, og førte med seg auka vokster. Ved hundreårsskiftet hadde folketalet vakse til 6 000.[6] På denne tida hadde byen vorte sentrum i eit rikt jordbruksdistrikt.

I 1930 hadde folketalet nådd 20 000, og Palmerston North fekk offisiell bystatus. Utviklinga gjekk no saktare på grunn av depresjonen og den andre verdskrigen. Det vart bygd ein flyplass ved Milson i 1936, dette er no Palmerston North International Airport. Etter krigen auka voksteren att, og folketalet nådde 50 000 midt på 1970-talet.[7]

Geografi endre

Palmerston North dekkjer eit område på 325,94 km² og ein million menneske bur innanfor ein radius på 100 km. Byen ligg om lag 140 km nord for hovudstaden Wellington, i den austlege delen av Manawatu Plains, og nær den nordlege breidda til Manawatu-elva. Han ligg 35 km frå elvemunningen, og 12 km frå Manawatu Gorge.

Dei offisielle grensene til byen omfattar også landlege distrikt sør og nordaust for det urbane området, og strekkjer seg til Tararuafjella, og omfattar byen Ashhurst ved munningen til Manawatu Gorge. Dette er eit fruktbart og grøderikt jordbruksområde.

Geografiske mål endre

Flatevidd : 325,94 km²[8]

Offentlege friområde : 5,54 km²

Høgaste punkt: 760 moh. (i høgdedraga søraust for Scotts Road)

Lågaste punkt : 10 m.o.h. (elvebreidda nær Te Puna Road)

Typisk høgde i byen : 20–40 m.o.h.

Lengde av elver (innanfor bygrensene) : 29,9 km (Manawatu River) & 2,6 km (Pohangina River)

Vêrlag endre

Klimaet i Palmerston North er temperert med maksimum dagtemperaturar om sommaren på 22 °C og 12 °C om vinteren. I gjennomsnitt når temperaturane over 25 °C 20 dagar i året. Den årlege nedbøren er kring 960 mm med regn omkring 5% av tida. Der er i gjennomsnitt 200 nedbørsfrie dagar i året.

I høgdedraga som ligg inntil byen er det ofte vedvarande vind, særleg om våren. Mykje av desse områda ligg innanfor bygrensene, og åsane her har ord på seg for å ha den mest stabile vinden i landet. Som eit resultat av dette er Palmerston North under aukande press mellom verksemder som vil byggja ut vindkraft for fornybar energi, og folk i lokalmiljøet som ønskjer å ta vare på den urørte naturen. Nær byen ligg likevel den største straumproduserande vindmølleparkenden sørlege halvkula, med 158 turbinar i Tararua- og Ruahinefjella. Parken sørgjer for elektrisk kraft til nesten 30 000 bustadar.

  Klimatabell: Palmerston North  
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg dagleg maksimumstemperatur 22,4°C
72°F
22,9 °C
73 °F
21,1 °C
70 °F
18,4 °C
65 °F
15,3 °C
60 °F
13,1 °C
56 °F
12,5 °C
55 °F
13,3 °C
56 °F
14,9 °C
59 °F
16,7 °C
62 °F
18,5 °C
65 °F
20,7 °C
69 °F
17,5°C
64°F
Gjennomsnittleg dagleg minimumstemperatur 13,4°C
56°F
13,5 °C
56 °F
12,1 °C
50 °F
9,8 °C
50 °F
7,4 °C
45 °F
5,4 °C
42 °F
4,7 °C
40 °F
5,4 °C
42 °F
7,2 °C
45 °F
8,7 °C
48 °F
10,2 °C
50 °F
12,0 °C
54 °F
9,1°C
48°F
Gjennomsnittleg total nedbør 65 mm
2,56 "
62 mm
2,44 "
74 mm
2,91 "
76 mm
2,99 "
94 mm
3,7  "
87 mm
3,43 "
94 mm
3,7  "
82 mm
3,23 "
83 mm
3,27 "
90 mm
3,54 "
78 mm
3,07 "
83 mm
3,27 "
966 mm
38,03 "
Kjelde: Niwa Science climate data

Folkesetnad endre

Ved folketeljinga i 2006 hadde Palmerston North eit innbyggjartal på 75 543, ein auke på 3 507 menneske (4,9 %) etter 2001. Der var 27 849 bebudde husvære, 1 662 ubudde, og 189 bustadar under bygging.[9]

Av innbyggjarane var 36 345 (48,1 %) menn og 39 192 (51,9 %) kvinner.[9] Gjennomsnittsalderen til innbyggjarane var 32,4 år, 2,5 under det nasjonale gjennomsnittet på 35,9 år. Aldersgruppene over 65 år utgjorde 11 6 % av folketalet, samanlikna med 12,3 % nasjonalt, og born og unge under 15 år utgjorde 20,3 % av populasjonen, samanlikna med 21,5 % landet under eitt. Då Palmerston North er ein universitetsby, ligg nesten 36 % av innbyggjarane i aldersgruppa mellom 15,0 og 24,9 år.[10]

Etnisitet endre

Den etniske samansetjinga i Palmerston North er (nasjonale tal i parentes): 71,4 % europearar (67,6 %), 15,4 % maoriar (14,7 %), 7,4 % asiatar (9,2 %), 3,7 % frå Stillehavsøyer (6,9 %), 1,1 % Midtausten/Latinamerika/Afrika (0,9 %), 12,5 % 'New Zealanders' (11,1 %), og 0,05 % andre (0,04 %).[11]

Sysselsetjing endre

I Palmerston North City var 5,3 % av arbeidstakarar frå 15 år og over arbeidslause, samanlikna med 5,1 % på landsbasis.[12] Gjennomsnittleg innkome for alle frå 15 år og over var 23 100 dollar, samanlikna med 24 400 dollar nasjonalt. Av desse tente 44,9 % mindre enn $20 000, medan talet for nasjonen var 43,2 %; 15,4 % hadde ei innkome over 50 000 dollar, det nasjonale talet var 18,0 %[13].

Økonomi endre

Den høgare utdanningssektoren styrkjer den lokale økonomien med 1 milliard nz-dollar årleg, og utdanningssektoren stod for 11,3 % av arbeidsstyrken i Palmerston North i februar 2006.[14] Palmerston North har ein økonomisk styrke i forsking, særleg i bioteknologi, forsvar og distribusjon. Byen hyser meir enn 70 større utdannings- og forskingsinstitusjoar, mellom desse det snøggast veksande universitetet på New Zealand, Massey University, Massey University Sport and Recreation Institute i Massey University campus i Turitea, Universal College of Learning (UCOL) og Linton Army Camp.

Det var 44 870 sysselsette i Palmerston North i februar 2006, 2,5 % av arbeidsstokken på New Zealand. Dei største verksemdene, sett i høve til talet på tilsette, var helsevesen og offentlege tenester, som utgjorde 14,9 % av arbeidstakarane i byen. Detaljhandelen sysselsette 13,3 % av dei tilsette i byen[14].

Parkar og rekreasjonsområde endre

The Square endre

 
The Square i Palmerston North.
 
The Square.

Hovudgatene i byen er ordna i eit nettverk kring The Square, ein sju hektar stor park med plenar, tre, sjøar, fontener og hagar i sentrum av byen. Denne parken inneheld byen sitt krigsminnesmerke, eit minnesmerke om Te Peeti Te Awe Awe, høvdingen i Rangitāne iwien, som medverka til salet av Palmerston North district til staten i 1865,[15] og eit klokketårn der den illuminerte krossen vart øydelagd i ein storm i første halvdel av 2006. Skaden på krossen, som gjorde at han måtte fjernast, skapte ein diskusjon om det var høveleg med eit kristent symbol midt i ein by der innbyggjarane hadde så mange andre kulturelle og religiøse bakgrunnar. Maorinamnet på The Square er Te Marae o Hine. Te Peeti Te Awe Awe var eit av medlemmene i ei māorigruppe som kring 1878 kom saman for å gje eit māorinamn på The Square. Tydinga av namnet er 'Plassen til Fredens dotter', vald i von om at alle menneske og alle rasar skulle leva saman i varig fred.

Parkar endre

De er fleire parkar i byen. Den mest kjende er Victoria Esplanade langs nordbreidda til Manawatu River, vest for Fitzherbert Avenue. Esplanaden omfattar hagar, leikeplassar for born, eit aviarium, ein miniatyrjarnveg, gangvegar og sportsplassar (Ongley-Manawaroa Park).

Fremjing av byen endre

Byen har bruka mange nemningar i annonsering og promotering, som til dømes «Rose City» og Kunnskapsbyen eller Studentbyen, som peikar på dei mange akademiske institusjonane i byen. Det noverande slagordet, «Young Heart, Easy Living», vil visa at Palmerston North er ein by for unge menneske og med ungdommelege haldningar[16].

Sport endre

Lagidrettar i Palmerston North-området (rugby, fotball, cricket og basketball) er for det meste basert på lokale spelarar. Dei fleste laga som høyrer til i og ved byen, har spelarar frå rundt kring i Manawatu, mange av dei frå Feilding eller andre byar i nabolaget.

Transport endre

Vegar endre

Byen er eit stort veg- og jarnvegsknutepunkt. Riksvegane State Highway 56 og State Highway 57 møter State Highway 3 nær byen, og desse vegane dannar hovudgatene i byen. Hovudriksvegen på New Zealand, State Highway 1, går om lag 25 km vest for byen.

 
Palmerston North bysentrum sett frå Palmerston North Hospital.

Lufttransport endre

Palmerston North International Airport i forstaden Milson er ein sekundær internasjonal flyplass. Innanlandsruter er for det meste drivne av Air New Zealand. Der har ikkje vore internasjonale flygingar etter at Freedom Air la ned drifta i mars 2008.

Palmerston North International Airport er basen til flygeskulen ved Massey University, og om nettene er plassen eit travelt innanlands fraktknutepunkt.

Jarnveg endre

I Palmerston North er jarnvegslinja North Island Main Trunk knytt til Palmerston North - Gisborne Line, som går gjennom slukta Manawatu Gorge til Woodville og regionen Hawke's Bay, med ei sidegrein til Wairarapa Line ved Woodville. Jarnvegen gjekk opphavleg gjennom The Square, men vart avleidd mot nord i 1964-1966.

Buss endre

Der går fem bussruter i byen og tettstroka minst ein gong i halvtimen. Noko sjeldnare går det ruter til Linton, Ashhurst og Feilding. Elles er det hyppige busavgangar til Massey University og IPC Campus.

Utdanning endre

Det høge talet på studentar ved Massey, UCOL og IPC har ført til ein ungdomskultur i byen, noko som gir støtte til dei mange kaféane og barane i byen. I Highbury i Takaro Ward ligg Papaioea Campus ved Te Wānanga o Aotearoa som tilbyr utdanning på høgskule- og universitetsnivå for maoriar.

Administrasjon endre

Den 1. november 1989 vart dei lokale administrasjonseiningane på New Zealand reorganiserte. Grensene til Palmerston North City vart utvida til å omfatta Ashhurst, Linton og Turitea ved samanslåing av delar av dei tidlegare Kairanga County, Oroua County og Ashhurst Town Council.

Tenester endre

Palmerston North City Council sørgjer for avfallshandtering, vassforsyning, miljøvern (i til dømes parkar og friområde), kontroll med dyrehald, støykontroll og generelt vedlikehald i byen. Byen har i det siste sett av midlar til å oppgradera The Square og klokketårnet, og har kome med framlegg om ein ny infrastruktur i byen, som til dømes reational lake i forstaden Aokautere, og ei ny bru for å avlasta trafikkøar på den eksisterande brua, Fitzherbert Bridge.

Venskapsbyar endre

Palmerston North har to venskapsbyar:

Referansar endre

  1. Palmerston North City Council, arkivert frå originalen 28. april 2016, henta 29. mars 2018 
  2. http://www.ipc.ac.nz
  3. 3,0 3,1 PALMERSTON NORTH - 1966 Encyclopaedia of New Zealand
  4. Sylvia Lydia Dalefield (1992). Memories of the Manawatu : Early days in and around Palmerston North. Palmerston North. ISBN 0473016249. 
  5. «Topic: John Tiffin Stewart». Kete Horowhenua. Henta 10. mai 2009. 
  6. «1890s». Palmerston North City Council. Arkivert frå originalen 9. januar 2010. Henta 10. mai 2009. 
  7. «1970s». Palmerston North City Council. Arkivert frå originalen 9. januar 2010. Henta 10. mai 2009. 
  8. «Introduction to Palmerston North». Palmerston North City Council. Arkivert frå originalen 24. juli 2009. Henta 10. mai 2009. 
  9. 9,0 9,1 QuickStats About Palmerston North City Arkivert 2008-11-23 ved Wayback Machine., Statistics New Zealand
  10. «2006 census - QuickStats about Palmerston North City - Age and Sex». Statistics New Zealand. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 9. mai 2009. 
  11. «2006 census - QuickStats about Palmerston North City - Cultural Diversity». Statistics New Zealand. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 11. mai 2009. 
  12. «2006 census - QuickStats about Palmerston North City - Work». Statistics New Zealand. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 11. mai 2009. 
  13. «2006 census - QuickStats about Palmerston North City - Income». Statistics New Zealand. Arkivert frå originalen 20. november 2008. Henta 11. mai 2009. 
  14. 14,0 14,1 arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 10. april 2008, henta 11. mai 2009 
  15. Dictionary Of New Zealand Biography
  16. «The Manawatu Community». Manawatu - Our Region. Henta 11. mai 2009. 

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Palmerston North frå Wikivoyage

40°21′S 175°36′E / 40.350°S 175.600°E / -40.350; 175.600