Panír (hindi/marathi पनीर [panīr]; panjabi ਪਨੀਰ [panīr]; en. paneer) er ein tørr og saltfri ferskost som er mykje bruka i indisk mat. Blant buddhistar som et berre laktovegetarisk kost er panír ei av hovudkjeldene til proteinar i kosthaldet. Panír er bruka i karrirettar og er òg populær å rulle deig kring og steikje. Den usalta panír-osten er ein allsidig ingrediens som kan brukast til å laga både middagsretter, småretter og søtsaker med.

Ság panírkarri med panír, spinat og andre grøne blad (t.d. kløver el. sennepsblad).

Framstilling endre

Ein finn vanlegvis panír til sals i indiske og pakistanske matvarebutikkar, men det er òg vanleg å laga panír sjølv heime. For å laga panír treng ein mjølk og litt syre — vanlegvis anten litt sitronsaft eller litt sitronsyre utrørt i vatn (½ ts sitronsyre utrørt i 2 msk vatn til 1 l mjølk). Kok opp mjølka under stadig røring, tilset syra litt etter litt og rør ho inn. Når mjølka byrjar å skilje seg i kvit ostemasse og gulaktig myse, slå av varmen, dekk over og lat stå i 3–4 minutt. Hell ostemassen i eit osteklede, tak saman endane og vri ut mest mogleg av væska mens du held ostekledet under rennande vatn. Form osten medan han enno er i ostekledet og legg osten med ostekledet ikring under ei tung vekt i 2–3 timar.

Bruk endre

I motsetnad til andre ostar, smeltar ikkje panír ved vanlege koke- og steikjetemperaturar, og panír er difor populær i mange indiske varmrettar — slik som panír matar (panír med erter), panír makhanvala (panír koka i ghee (klåra smør)) og panír burdji smuldra panír-karri). To av dei mest populære rettene i nordindisk kokekunst er pálak panír (panír- og spinatkarri) og ság panír (panír-, spinat- og t.d. kløver- el. sennepsblad-karri).

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre