Papakura District

Papakura District er eit av sju lokale distrikt i regionen AucklandNew Zealand. Det ligg nær den sørlegaste delen av Auckland City, og utgjer delar av områda som uformelt vert kalla South Auckland og East Auckland (Sør- og Aust-Auckland).

Papakura District
Land  New Zealand
Kart
Papakura District
37°05′00″S 174°57′00″E / 37.0833°S 174.95°E / -37.0833; 174.95
Papakuradistriktet. Grensa: Raud. Bymessig område: Oransje. Auckland byområde: Grått.
Papakuradistriktet. Grensa: Raud. Bymessig område: Oransje. Auckland byområde: Grått.
Papakuradistriktet. Grensa: Raud. Bymessig område: Oransje. Auckland byområde: Grått.
Wikimedia Commons: Papakura District

I utgangspunktet var Papakura ein liten, frittståande by, før han i 1989, under omorganiseringa av lokalstyret på New Zealand, vart hovudsetet til Papakura District, og er no i ferd med å verta omfatta av den bymessige voksteren til Auckland. Distriktet er flankert av strendene i Manukau Harbour mot vest, Manukau City mot nord, og jordbruksland mot aust og sør, med Drury som næraste by i den retninga.

Geografi endre

Papakura grensar til Manukau City i nord og aust, Franklin District i sør og Manukau Harbour i nordvest. Distriktet er inndelt i fire område, (wards), Ardmore, Drury, Red Hill, og Pahurehure.

  • Ardmore Ward ligg lengst mot nord, vegsambandet til Ardmore går gjennom staden, og her ligg forstadane Takanini, Keri Hill og Alfriston.
  • Pahurehure Ward ligg i nordvest og inneheld dei små forstadane Pahurehure, Conifer Grove, Longford Park og Hingaia.
  • Drury Ward ligg lengst mot sør, og grensar til Franklin. Her ligg forstadane Drury, Opaheke, Rosehill og Park Estate med motorvegsamband og ruter til Karaka
  • Red Hill Ward ligg i aust, og omfattar forstaden Red Hill, og gjennomgangsvegar til Hunua og Clevedon.

Keri Hill er bustadsområde med utsikt over Ardmore; Red Hill var eit strategisk utsiktspunkt for maorifolket, og er no ein populær forstad; Pahurehure ligg ved kysten på ved dei austlege breiddene til Manukau Harbour. Drury er den første eigentlege byen ute på landsbygda sør for Auckland, og Takanini er det viktigaste industriområdet i Papakura.

Distriktet har nokre få mindre strender mot vest, men somme av desse kan ikkje brukast på grunn av forureining. Dese strendene er verna og nøye overvaka av distriktet sine miljøstyresmakter.

Historikk endre

Namnet Papakura kjem frå maoriorda papa, som tyder jord eller flate (avkorting av Papatuanuku), og kura som tyder raud. Dette viser til den rike og grøderike jorda som busetnaden eingong vart grunnlagd på. Innfødde maoriar bygde ein pa som dei gav namnet Puke-Kiwi-Riki, på toppen av Red Hill, med utsyn over Manukau Harbour og landskapet omkring, til Manukau Heights og Redoubt Road.

Ein gammal hovudveg, Great South Road, går gjennom Papakura, og dannar hovudgata i byen. Vegen vart bygd under newzealandskrigane for å transportera forsyningar til felttoget i Waikato.

I den store reforma av lokaladministrasjonen på New Zealand i 1989 vart Papakura eit distrikt. Før dette var eit mindre område kjent som Papakura City, dette var ein liten by etter newzealandsk målestokk. Det nye distriktet fekk lagt til seg delar av dei landlege områda omkring; desse hadde tidlegare høyrt til Manukau City. Etter denne reforma vart «Papakura City» til «Papakura District», og i staden for å vera ein frittståande by, vart området slege saman med Auckland, og vart med det ein del av Regionen Auckland. Heile distriktet vert for statistiske føremål rekna som ein del av den urbane delen av Auckland, og utgjer den sørlege grensa til Auckland.

Busetnad endre

Folketalet i Papakura District har auka med tre gonger raten i New Zealand sett under eitt, og er storparten av europeisk avstamming. Likevel, som vanleg over det meste av New Zealand, er der ei blanding ulike etniske populajonar, og meir enn 20 % av innbyggjarane har māoriopphav, og mindre enn 75% europeisk. I tillegg bur her mindre folkegrupper med opphav frå Asia og Polynesia.[1] Styresmaktene i distriktet reknar med at folketalet i Papakura vil meir enn dobla seg i løpet av dei neste 50 åra og koma over 100 000 menneske.[2]

Lokale tenester endre

 
Krigsminnesmerke frå den 2. verdskrigen på militærbasen Papakura Army Base.

Styresett endre

I tillegg til å vera det lokale administrasjonssenteret, har Papakura ein større politistasjon, rettsapparatet til distriktet og eit offentleg kontor for sosiale tenester som både yter tenester til publikum og er rådgjevande i spørsmål om sosiale tenester overfor styresmaktene i Auckland. I 2004 fungerte rettsinstansane i Papakura som høgsterett for Pitcairn i ei omfattande overgrepssak som hadde funne stad på øya der sist på 1990-talet.

Væpna styrkar endre

Papakura var ein gong tilhaldsstad for ei større mengde mannskap i den newzealandske hæren. No har berre spesialstyrkar frå luftforsvaret base her.[3] Bustadar som tidlegare hyste personell frå hæren og deira familiar, er no på private hender.

Transport endre

 
Eit diesellokomotiv på Papakura stasjon.

Hovudvegen sørover frå Auckland, State Highway 1 og jarnveglinja North Island Main Trunk Railway går gjennom Papakuradistriktet og ein stor flyplass ved Ardmore i nærleiken. Tog- og busstransport står for det meste av den offentlege transporten, og det er hyppige togavgangar mellom Papakura og Auckland. Det har i den seinare tida vorte investert i oppgraderingar av såvel jarnvegsmateriell som stasjonar. Papakura er endestasjon for det meste av den offentlege transporten sørover frå Auckland, og jarnvegsstasjonen her har det tredje største passasjertalet på jarnvegsnettet. Pendlarar frå Papakura er elles sterkt påverka av trafikkproblema i Auckland.

Ardmore lufthamn endre

Ardmore lufthamn gjev høve til fritidsflyging, private og kommersielle flygingar. Rekna etter flyavgangar og -landingar, er dette den travlaste flyplassen på New Zealand.

Den 17. september 2005, på dagen for parlamentsvalet på New Zealand, vart det stole eit lite fly (einmotors Piper Cherokee) frå Ardmore, og piloten trua med å fly inn i Sky Tower i Auckland. Tårnet vart evakuert, men piloten landa til slutt i sjøen ved Kohimarama, sentralt i Auckland, og overlevde hendinga.[4][5]

Lokalstyre endre

Ein kommisjon (Royal Commission of Inquiry into Restructuring Auckland's Councils) arbeider med eit framlegg om å omstrukturera lokalstyra i regionen Auckland. Dette kan føra til at alle sju distrikta i regionen vert slegne saman. Dei styrande organa i Papakura har tala sterkt mot dette framlegget.

Kjelder endre

  1. Statistics New Zealand, folketeljing 2006., arkivert frå originalen 2. oktober 2008, henta 16. mars 2008 
  2. Progress Papakura: Langtidsplan 2006 - 2016 (PDF) Arkivert 2006-08-22 ved Wayback Machine. Vitja 16. mars 2008.
  3. Forces and Locations Arkivert 2006-10-09 ved Wayback Machine. Frå New Zealands forsvars heimesider. Vitja 16. mars 2008.
  4. Pilot survives plane crash after drama. Frå TVNZ. Vitja 16. mars 2008.
  5. Jilted pilot jailed for NZ tower crash threat ABC News Online. Vitja 16. mars 2008.

Bakgrunnsstoff endre