Papuaspråk er ei gruppe språk som blir brukt på øyar vest i Oseania, frå Molukkane og Timor i vest til Salomonøyane i aust. Gruppa omfattar rundt 1 200 språk, der dei fleste blir tala på Ny-Guinea. Gruppa omfattar språk som ikkje kan knytast til austronesiske eller australske språk. Dei er svært ulike, og kan delast inn i rundt 60 mindre språkfamiliar og fleire isolerte språk. Dei ulike språka kan ha alt frå nokre hundre til fleire tusen talarar.

Papuaspråk
Tala i: Indonesia og Papua Ny-Guinea
Område: Ny-Guinea


Utbreiingsområdet til papuaspråk, markert med raudt. Lysebrunt syner til austronesiske språk og grått det historiskeu utbreiingsområdet til australske språk.

Skiljet mellom papuaspråk og -folk til forskjell frå melanesiske blei først føreslått av forskaren Sidney Herbert Ray i 1892.

Wurm-klassifisering endre

Den mest utbreidde klassifiseringa av papuaspråka er utforma av Stephen Wurm. Mykje av klassifiseringa byggjer på ufullstendige data.

Klassifiseringa inneheld desse grupperingane, med omtrentleg tal språk i kvar:

To av dei isolerte språka er seinare blitt plasserte saman som

og tre nyoppdaga språk har blitt klassifisert som

Ross-klassifisering endre

Malcolm Ross bygde vidare på Wurm si klassifisering med vekt på pronomenlikskapar. Dette gav 23 språkfamiliar og 9-13 uklassifiserte eller isolerte språk. Nokre språk mangla data til å klassifiserast etter Ross sitt system.

Isolerte språk endre

Sortert etter stad:

nord i Papuaprovinsen:

Sandaunprovinsen:

Sepik-elva:

  • Taiap (gapun), på ein stad som hadde vore ei kystøy rundt 4000 f.Kr.

Bismarck-øyene:

Andre endre

Tidlegare isolerte språk klassifisert av Ross:

Språk klassifisert som austronesiske:

Uklassifisert på grunn av manglande data:

Usher (2018) endre

 
Språkfamiliar på Ny-Guinea ifølgje Timothy Usher

Timothy Usher hadde identifisert følgjande familiar i 2018:[1]

Papua-familiar lagt fram av Usher

Tambora og austpapuaspråk er ikkje tekne med, bortsett frå at yele er blitt identifisert som eit austronesisk språk.

Kjelder endre

  1. Usher, Timothy. NewGuineaWorld[daud lenkje].

«papuaspråk» i Store norske leksikon, snl.no.


  Denne språkartikkelen som har med Papua Ny-Guinea å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.