Parrykanalen er eit sund og ei skipslei som går aust-vest gjennom øyane i det kanadiske Arktis. Kanalen skil Elisabetøyane i nord frå resten av Nunavut. Han tek til i Baffinbukta ved Lancastersundet, går vidare gjennom det tronge Barrowsundet inn i det opnare Melvillesundet, og etter å ha passert gjennom McCluresundet munnar kanalen så ut i Beauforthavet. Pakkisen i McCluresundet gjer det mykje godt umogleg å sigle gjennom Parrykanalen, og tvingar båtar til å gå gjennom Nordvestpassasjen langt lenger sør.

Kart over Parrykanalen.

Dei strake, parallelle kystlinjene og den store djupna funnen i Parrykanalen viser at store bergplater har kollidert ein gong i jordas oldtid. Kanalen dannar geologisk skiljelinje mellom dei prekambriske berglaga på det kanadiske fastlandet i sør, og dei sedimentarære bergartane som danna dei arktiske øyane i nord.

Kanalen er oppkalla etter oppdagaren William Parry.

Kjelder endre