Pasco-regionen (spansk Región Pasco, quechua Pasqu suyu) er ein region i det sentrale Andes i Peru. Han har grenser mot Huánuco i nord, mot Ucayali i aust, mot Junín-regionen i sør og mot Lima-regionen i vest.

Pasco-regionen er på 25 319 km² og har 243 671 innbyggjarar (1996). Regionhovudstaden er Cerro de Pasco og ligg på 4338 moh.

Geografi endre

Grensa mot Lima-regionen i vest ligg på vasskiljet, elvene i regionen drenerer mot nord og mot aust til regnskogen i Amazonas. Unntaket er Lago Puarun som har avlaup til Rio Huaura i Huaura-provinsen i Lima.

Pasco-regionen er delt inn i tre provinsar: Oxapampa er ein stor provins i aust, Pasco ein noko mindre provins i vest og ein liten provins ligg i nordvest med namnet Daniel A. Carrión etter medisinstudenten.

Pasco, Daniel A. Carrión og dei vestlege delar av Oxapampa ligg høgt i Cordillera Occidental, medan terrenget fell mot aust i Oxapampa mot Pacheteaelva i nordaust på under 200 moh. Andre viktige elver Pozuzo og Mantaro. Regionen har fleire fjellpass på høgder frå 4800–4900 moh.

Klimaet er variert gjennom regionen. I høgd over 4000 moh. er det kaldt klima, til dømes har regionshovudstaden Cerro de Pasco ein årleg middeltemperatur på 4 °C, med maksimum rundt 10 °C og ein minimum på -11 °C. Det er regntid frå november til mars. I delar av Oxapampaprovinsen er det tropisk klima med årleg middeltemperatur på 18 °C.

Historie endre

Regionen var influert av wari under mellomhorisonten. Etter at wari gjekk attende kom det folk utanfrå (taramas, huancas og yarovilcas) og inn i sentrale fjellområda og i sør. Allereie under inkariket var her gull- og sølvgruver som gjorde regionen attraktiv. Ovnøgd frå gruvene trekte til seg tallause encomenderos og midt på 1600-talet kom også kyrkja som grunnla byane i Pascoprovinsen. Mellom anna fekk yaneshafolket i Oxapampaprovinsen tidleg vitjingar av fransiskanarmunkar. I 1635 måtte munkane trekke seg attende fleire gonger under uro i området. I moderne tid er yaneshafolket sett på med interesse av vestlege antropologar. Storskala gruvedrift kom ikkje i gang før på 1900-talet. I 1960 vart Pasco utnemnd til gruvehovudstaden i Peru.

Økonomi endre

Gruveverksemda er ein stor næringsveg med kopar som viktigaste mineral. I Oxapampadalen og Pichis-Palcazú finst rismarkar, det vert dyrka mais, bananar, appelsinar, yucca, kakao, papaya og bønner. Byen Villa Rica er rekna som kaffihovudstaden i Peru. I same område er det utvikla dyrehald med storfedrift og her finst bierøkt. Dei store vassmengda i Oxapampaprovinsen er utnytta i fleire vasskraftverk.

Kjelder endre

  • Tilsvarande Wikipedia-artiklar på spansk og tysk.