Passau er ein by i Tyskland i delstaten Bayern med om lag 50 000 innbyggjarar. Byen vert stundom kalla Dreiflüssestadt (Byen ved tre elvar) fordi elvane Inn frå sør og Ilz frå Bayerischer Wald munnar ut i Donau her.

Passau
Horisonten til Passau
Horisonten til Passau
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Passau
Passau is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Bayern
Niederbayern
Kreisfri by
Grunnlagd 400-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

69,58 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

50 507
  726/km²
Koordinatar 48°34′0″N 13°28′0″E / 48.56667°N 13.46667°E / 48.56667; 13.46667
Høgd over havet 294-447 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 94001-94036
Telefon-retningsnummer 0851
Bilnummer PA
Heimeside: www.passau.de

10 000 av innbyggjarane i byen er studentar ved Universitetet i Passau. Universitetet vart grunnlagd seint på 1970-talet, tufta på det fleire hundreår gamle Instituttet for katolske studiar. Det er kjend i Tyskland for sine institutt innan økonomi, jus, informatikk og kulturvitskap.

Historie endre

Passau vart ein gamal romersk koloni i Noricum kalla Batavis, kalla opp etter ei germansk stamme kalla Batavi.

På andre halvdel av 400-talet oppretta St. Severinus eit kloster her, og i 739 grunnla den irske munken Boniface eit bispedøme i Passau, som lenge var det største i Det tysk-romerske riket.

Med freden i Passau (1552) sikra erkehertug Ferdinand I, representant for Keisar Karl V, ein avtale for dei protestantiske fyrstane som kunne leggast fram ved ein Reichsstag. Dette førte til freden i Augsburg i 1555.

Under renessansen og den tidlege moderne perioden var Passau eit stort senter for produksjon av sverd og andre knivvåpen i Tyskland (nest størst etter Solingen). Smedane i Passau merka klingene sine med Passau-ulven. Overtruiske krigarar trudde at Passau-ulven gjorde dei som bar sverdet usårlege, og derfor var sverda frå Passau svært ettertrakta. Som følgje av dette vart heile praksisen med å plassere magiske vern på sverda for å verne om eigaren kjend som «Passaukunsten»[1].

Under den andre verdskrigen låg det tre underavdelingar av den frykta konsentrasjonsleiren Mauthausen-Gusen her: Passau I (Oberilzmühle), Passau II (Waldwerke Passau-Ilzstadt) og Passau III (Jandelsbrunn).

Frå 1892 til 1894 budde Adolf Hitler og familien hans i Passau. Arkiv i byen viser at Hitler haldt talar ved fire forskjellige tilfelle i 1920-åra her.

Kjelder endre

  1. Eduard Wagner, Cut and Thrust Weapons, 1969

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Passau
 
Passau frå sør med elva Inn.