Patagonia er det tradisjonelle namnet på den sørlegaste delen av Sør-Amerika i Chile og Argentina Då definerer ein gjerne området som sør for Río Colorado til Kapp HornEldlandet. Området omfattar den sørlege delen av Andesfjella, Valdivia-provinsen i Chile og området rundt Carmen de Patagones i Argentina. Patagonia grensar i vest til Stillehavet og til det sørlege Atlanterhavet i aust. Patagonia må ikkje forvekslast med det sørlegaste departmentet i provinsen Buenos Aires, som heiter Patagones.

Kart med vanleg definisjon av Patagonia.
NASA-bilete av Patagonia i 2003. Magellansundet ligg nede til høgre.
Ushuaia.

Etymologi endre

Namnet Patagonia kjem av det portugisiske ordet patagón, 'store bein'. Då Ferdinand Magellan oppdaga dette området i 1520, brukte han ordet for å skildra dei innfødde han møtte. Nokre kjelder meiner det var fordi dei hadde så store pelsstøvlar, medan andre meiner det kjem av at dei innfødde Magellan møtte, var spesielt høge.

Natur endre

Naturen i Patagonia består av innsjøar som er demma opp frå morenane frå istida. Djupe dalar skjer gjennom området frå vest mot aust. I aust ligg store, turre ørken- eller steppeområde med mykje vind. Bratte klipper skil ørkenområdet frå Atlanterhavet i vest. Både floraen og faunaen her er interessant, med mange endemiske artar.

Levevis endre

Området, som dekkjer over ein million km2, er relativt tynt folkesett med to millionar innbyggjarar. Til samanlikning bur det over 40 millionar i heile Argentina og over 16 millionar i Chile. Saueavl er ei viktig verksemd for innbyggjarane i Patagonia. Når snøen smeltar frå fjella, blir det gode beitemarker for sauene i høglanda. Det er lite jordbruk her, men det vert drive petroleumsutvinning fleire stader og det er store kolgruver i Río Turbio i Argentina.

Galleri endre

Kjelder endre