Patent er ei ordning som gjev kvar ein einerett til å utnytta ei oppfinning innanfor eit avgrensa tidsrom. I denne perioden har ikkje andre rett til å produsera, importera eller selja produkt som nyttar løysinga som er patentbeskytta. Ulike land regulerer patent på ulike måtar.

Døme på patent.

I Noreg gjev Patentstyret patent i 20 år. Ein kan ta patent på nye oppfinningar som har oppfinningshøgd (det var ikkje noko einkvan fagperson på fagområdet lett kunne kome på) og kan utnyttast industrielt (dette omfattar også landbruk, handel, forvaltingsverksemd og liknande). I ein patentsøknad må ein skildra tydeleg og fullstendig korleis oppfinninga verker. Ein kan ikkje ta patent på plantar, dyr eller menneske.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«patent – enerett til oppfinnelse» i Store norske leksikon, snl.no.

  Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.