Patricia Lee «Patti» Smith (fødd 30. desember 1946) er ein USA-amerikansk vokalist, låtskrivar, poet og artist som hadde stor påverknad på pønkrock-rørsla gjennom debutalbumet sitt frå 1975, Horses. Ho har vorte kalla «gudmora til pønken»[1] og var den som integrerte den poetiske beat-framføringsstilen med trestemd rock. Tilvisingane i songane hennar leidde amerikanske tenårinar til fransk poesi frå 1800-talet, medan den «ikkje-kvinnelege» språkbruken hennar utfordra disko-perioden. Smith er best kjend for songen «Because the Night» som ho skreiv i lag med Bruce Springsteen. Songen nådde 13. plass på Billboard Hot 100-lista i 1978. I 2005 vart Patti Smith oppnemnd til kommandør av Ordre des Arts et des Lettres av den franske kulturministeren,[2] og i 2007 vart ho teken med i Rock and Roll Hall of Fame.[3]

Patti Smith

Patti Smith i Finland i 2007.
Fødd30. desember 1946 i Chicago i Illinois
FødestadChicago, USA
FødenamnPatricia Lee Smith
AliasPatti Smith Group
OpphavUSA
Aktiv1972
SjangerProtopønk, alternativ rock
InstrumentVokal, gitar, klarinett
Stemmetypealt
PlateselskapArista, Columbia
Verka somVokalist, låtskrivar, poet og artist
Gift medFred Smith
BornJackson Smith, Jesse Smith
Prisarkommandør av Ordre des Arts et des Lettres, National Book Award, Polar Music Prize, National Book Award for Nonfiction, Medalla de Oro al mérito en las Bellas Artes, æresdoktor ved Universitet i Parma, æresdoktor ved Universitetet i Padova, Ridder av Æreslegionen, Rock and Roll Hall of Fame

Diskografi endre

Studioalbum
Konsertalbum og EP-ar
Samlealbum

Bibliografi endre

  • Seventh Heaven (1972)
  • A Useless Death (1972)
  • kodak (1972)
  • Early morning dream (1972)
  • Witt (1973)
  • Ha! Ha! Houdini! (1977)
  • Gallerie Veith Turske (1977)
  • Babel (1978)
  • Woolgathering (1992)
  • Early Work: 1970 - 1979 (1994)
  • The Coral Sea (1996)
  • Patti Smith Complete (1998)
  • Wild Leaves (1999)
  • Strange Messenger (2003)
  • Auguries of Innocence (2005)

Fotnotar endre

  1. David Chiu (29. desember 2004). «Critics' Top Ten Lists». Rolling Stone. Henta 18. mars 2008. 
  2. «Remise des insignes de Commandeur dans l'Ordre des Arts et des Lettres» (på fransk). Ministère de la Culture et de la Communication. 10. juli 2005. Henta 8. februar 2008. 
  3. «Patti Smith». Rock and Roll Hall of Fame. 2007. Henta 4. februar 2008. 
  Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.