Paul Aklestad

norsk politikar

Paul Andreas Jetmundsen Aklestad (18. desember 183721. mai 1924) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar som representerte VenstreStortinget frå 1889 til 1909.

Paul Aklestad
Fødd18. desember 1837
Hjørundfjord kommune
Død21. mai 1924 (86 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar, lærar, bonde, omgangsskolelærer
Alle verv

Paul Aklestad var fødd på Aklestad i Hjørundfjord i noverande Ørsta kommune. Han gjekk i lære 6 veker ein vinter hos klokkar Lars Olaus Strømme på garden Haukås i Ørskog, for å bli lærar, og vert deretter tilsett som lærar i Hjørundfjord frå 1854.[1] Han arbeidde som omgangsskulelærar til 1863.[2]. I åra 1863 til 1871 dreiv han bnr 2 på Kvistad. I 1871 fekk han kjøpe farsgarden på Aklestad frå den eldre broren Ingebrigt.[3].

Aklestad kom tidleg med i heradsstyringa i Hjørundfjord kommune. I åra 1866 til 1910 var han medlem i heradsstyret, og ordførar i åra 1870-1898.[4] Han hadde også elles stor tiltru hos sine sambygdingar, og vart nytta i alle slags tillistverv. Han var til dømes formann og kasserar i Hjørundfjord Sparebank frå skipinga i 1880 til 1889. [5]

Paul Aklestad vart vald inn på Stortinget frå Romsdals Amt i 1889, og vart attvald 6 gongar deretter, og sat på Stortinget til 1909. [6]

Paul Aklestad sat heile tida han var på Stortinget i den såkalla Gasje- og pensjonskomiteen, frå 1892 til 1904 som sekretær og seinare som formann. På Stortinget var han ein typisk sparepolitikar, kanskje den mest typiske etter Søren Jaabæk. Denne grunnhaldninga kom fram alt i jomfrutalen hans på Stortinget, der han skal ha sagt: «Det er et ord som heter sparsommelighed.»[7]

I juni 1861 gifta han seg med Berte Johanne Olsdatter Skylstad (1840–1922), frå Skylstad i Hjørundfjord. Dei fekk 13 born. Av desse døydde 5 straks dei var fødde, 8 levde opp.[8][9]

Kjelder endre

  • Ivar Grøvik: Hjørundfjordboka Kultursoga II, Ørsta kommune 1977
  • Lars Strømme og Ragnar Standal: Hjørundfjordboka Band V Gard og ætt, Ørsta kommune 1993
Fotnotar
  1. Grøvik, s. 148, 149, 152
  2. Strømme og Standal, s. 206
  3. Strømme og Standal, s. 206
  4. Grøvik, s. 382-384
  5. Grøvik, s. 502-506
  6. «Paul Andreas Jetmundsen Aklestad». NSD. Arkivert frå originalen 27. mai 2011. Henta 12. mars 2009. 
  7. Grøvik, s. 382-383
  8. Strømme og Standal, s. 207
  9. Genealogy, arkivert frå originalen 19. mai 2011, henta 30. oktober 2009