Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Denne artikkelen brukar + for vinst, - for tap og = for remis i omtale av sjakkresultat.

Paul Keres (7. januar 19165. juni 1975) var ein estisk sjakkspelar, stormeister i sjakk og ein av dei sterkaste spelarane som aldri vart verdsmeister i sjakk.

Paul Keres

Statsborgarskap Estland, Sovjetunionen
Fødd 7. januar 1916
Narva
Død

5. juni 1975 (59 år)
Helsingfors

Yrke sjakkspelar, sjakkomponist, faglitterær forfattar
Språk russisk, estisk
Medlem av Student Society Liivika
Paul Keres på Commons

Keres var nær ved å få tvikamp om Verdsmeistertittelen i sjakk ved 5 høve. Han vann AVRO-turneringa i Nederland i 1938, og dette førte til forhandlingar om ein VM-kamp mot dåverande verdsmeister Alexander Alekhine, men denne kampen vart aldri noko av på grunn av den andre verdskrigen. Etter krigen vart han nummer 2 i Kandidatturneringa i sjakk i 4 påfølgjande høve.

På grunnlag av desse og andre sterke resultat, har mange kommentatorar rekna Keres for den sterkaste spelaren som aldri vart verdsmeister i sjakk. Han har blitt kalla «den evige toar» på grunn av dei 4 andreplassane i kandidatturneringa. Han vart også kalla «The Crown Prince of Chess», 'Kronprinsen av sjakk'.[1]

Unge år endre

Paul Keres var fødd i byen Narva i Estland. Alt frå fireårsalderen lærte han å spele sjakk av far sin og ein eldre bror.[2] Det var ikkje mykje sjakklitteratur å oppdrive i denne vesle byen, så Keres lærte sjakknotasjon frå sjakkoppgåva i dagsavisa. Han laga ei handskriven samling på nesten 1000 sjakkparti.[3]

Keres deltok i offentleg sjakkspel frå han var 13.[2] I dei første åra var han kjend å spele skarpe og briljante angrepsparti.[4] Han vart tre gongar estisk meister for skuleelevar, i 1930, 1932 og 1933. Spelet vart mognare etter at han spelte store mengder postsjakk medan han gjekk på vidaregåande skule. Frå 1937 til 1941 studerte Keres matematikk ved Universitetet i Tartu. Han representerte då universitetet ved fleire kampar mot andre universitet.

Paul Keres sin sjakkarriere endre

For meir om dette emnet, sjå Paul Keres sine sjakkresultat.

Åra før andre verdskrigen endre

Ved lagturneringa i Warszawa i 1935 var den mest forbausande oppdaginga ein spinkel, sjenert, nittenårig estar. Nokre hadde ikkje høyrd om landet hans før, ingen hadde nokon gong høyrd om Keres.

Stormeister Reuben Fine
 

Keres vart estisk meister i sjakk første gong i 1935. Han delte førsteplassen i turneringa med Gunnar Friedemann med +5 =1 -2, og vann så stikkampen med +2 =0 −1.[5]

Som estisk meister fekk Keres spele på førstebord for Estland i den 6. Sjakkolympiaden (lag-VM i sjakk) i Warszawa i 1935. Dette vart det internasjonale gjennombrotet hans. Mot sterk internasjonal motstand skåra han 12,5 poeng på 19 parti, +11 =3 -5, og stod fram som ei ny stjerne, beundra også for spelestilen. Suksessen gav han sjølvtillit og ikkje minst invitasjonar til å delta i internasjonale turneringar.[6]

I Helsingfors i 1935 vart han nummer 2 etter Paulin Frydman med 6,5/8 (+6 =1 −1). Han vann i Tallinn 1936 med 9/10 (+8 =2 −0). Den første verkelege store internasjonale turneringa vann han i Bad Nauheim i 1936, der han delte førsteplassen med Alexander Alekhine med 6,5/9 (+4 =5 −0). Keres sleit i Dresden i 1936, der han berre fekk ein delt 8-9.-plass, med (+2 =3 −4), men skreiv sidan at han lærte ei viktig lekse av dette. Det gjekk betre i Zandvoort 1936 med delt 3-4.-plass (+5 =3 -3). Deretter forsvarte han tittelen sin som estisk meister i 1936 ved å spele uavgjort i ein tvikamp mot Paul Felix Schmidt med (+3 =1 −3).[7]

Keres hadde eit fantastisk år i 1937. Han vann i Tallinn med 7,5/9 (+6 =3 -0). Så delte han førsteplassen i Margate med Reuben Fine med 7,5/9 (+6 =3 −0), 1,5 poeng framom Alekhine. I Ostende delte han 1-3.-plass med Fine og Henry Grob med 6/9 (+5 =2 -2).[8] Keres dominerte i Praha med førsteplass med 10/11 (+9 =2 -0). Så vann han ei tematurnering i Wien med 4,5/6 (+4 =1 −1); i turneringa starta alle partia med trekka 1.d4 Sf6 2.Sf3 Se4, dette blir kalla Dory-forsvaret. Han delte 4-5.-plass i Kemeri med (+8 =7 −2), der Salo Flohr, Vladimirs Petrovs og Samuel Reshevsky delte førsteplassen. Så delte han 2-4.-plass i Pärnu med 4,5/7 (+3 =3 −1). Denne serien med gode resultat gav han ein invitasjon til den svært sterke turneringa i Semmering 1937, som han vann med 9/14 (+6 =6 −2), framom Fine, José Raúl Capablanca, Reshevsky og Erich Eliskases. Han delte andreplass i Hastings 1937-38 med 6,5/9 (+4 =5 −0) (eit halvt poeng etter Reshevsky), og i Noordwijk 1938 (etter Eliskases) med 6,5/9 (+4 =5 −0). Keres spelte uavgjort i ein oppvisingskamp i Stockholm 1938 mot Gideon Ståhlberg med 4-4 (+2 =4 −2).[7]

Paul Keres heldt fram med å representere Estland med suksess i sjakk-OL.[9]

  • München 1936, Estland bord 1, 15,5/20 (+12 =7 -1), gullmedalje for beste prestasjon på første bord;
  • Stockholm 1937, Estland bord 1, 11/15 (+9 =4 -2), sølvmedalje for prestasjonen på første bord;[10]
  • Buenos Aires 1939, Estland bord 1, 14,5/19 (+12 =5 -2), Estland sitt lag tok bronsemedalje.[11]

VM-kamp som ikkje vart noko av endre

I 1938 delte Keres førsteplassen med Reuben Fine i AVRO-turneringa i sjakk, med 8,5/14. Turneringa vart spelt i fleire byar i Nederland, og samla alle toppspelarane i verda: Mikhail Botvinnik, Max Euwe, Reshevsky, Alekhine, Capablanca and Flohr. Keres vann på kvalitetsberekning fordi han vann 1½-½ mot Fine i dei to partia dei i mellom.[12]

Det var venta at vinnaren av denne turneringa skulle vere utfordrar til VM-tittelen, i ein tvikamp mot regjerande verdsmeister Alexander Alekhine. Men utbrotet av andre verdskrigen i 1939, og særleg Sovjetunionen sin første okkupasjon av Estland i 1940-1941, førte til at forhandlingane med Alekhine stogga opp. Keres hadde begynt å studere ved universitetet i 1938, og dette spelte også ei rolle.

Keres sleit i Leningrad-Moskva 1939 med ein delt 12-13.-plass. Han skreiv seinare at han ikkje hadde hatt nok tid til å førebu seg til denne sterke turneringa. Men han kom sterkt tilbake og vann Margate 1939 med 7,5/9 (+6 =3 -0), framom Capablanca og Flohr.[7]

Andre verdskrigen endre

andre verdskrigen braut ut var Keres i Buenos Aires som deltakar i sjakkolympiaden. Han blei verande for å spele i ei internasjonal turnering i Buenos Aires etter olympiaden, og delte der førsteplassen med Miguel Najdorf med 8,5/11 (+7 =3 -1).

Keres spelte deretter ein tvikamp over 14 parti mot tidlegare verdsmeister i sjakk Max Euwe i Nederland, halde i tida desember 1939 til januar 1940. Etter hard kappestrid klarte Keres å vinne tvikampen med 7,5-6,5 (+6 =3 -5). Dette var ein sterk prestasjon — ikkje berre var Euwe tidlegare verdsmeister frå 1935 til 1937, men han hadde også langt større erfaring med slike tvikampar enn Keres-

Estland okkupert av Sovjetunionen endre

Som følgje av Molotov-Ribbentrop-pakta av 23. august 1939 vart Estland annektert av Sovjetunionen den 6. august 1940.

  • Keres spelte i sitt første Sovjetmeisterskap i Moskva 1940 (Den 12. Sovjetmeisterskapen), der han vart nummer 4 med (+9 =6 -4) i eit uvanleg sterkt beite. Han plasserte seg mellom anna framom meisteren frå året før Mikhail Botvinnik.[13]
  • Det sovjetiske sjakkforbundet organiserte i 1941 «Den absolutte meisterskapen for Sovjetunionen», der dei seks fremste frå sovjetmeisterskapen i 1940 møtte kvarandre fire gongar kvar. Turneringa vart delt mellom Leningrad og Moskva. Botvinnik vann denne supersterke turneringa med 13,5/20. Keres vart nummer to med 11/20, framom Vasilij Smyslov, Isaak Boleslavskij, Andor Lilienthal og Igor Bondarevskij.[14]

Estland okkupert av Nazi-Tyskland endre

Etter at Nazi-Tyskland invaderte Sovjetunionen den 22. juni 1941 kom Estland under tysk kontroll. I 1942–1943 spelte både Keres og Alekhine i fire turneringar organiserte av Ehrhardt Post, president i nazistane sitt Grossdeutscher Schachbund.

kvar gong framom Keres, som vart nummer to i alle desse tre turneringane.

  • Dei delte førsteplassen i Salzburg i juni 1943 (Seks-meister-turnering), med 7,5/10.

I løpet av andre verdskrigen spelte Keres fleire andre sjakkturneringar.[7]

Farlege tider endre

Avsluttinga av andre verdskrigen medførte at Paul Keres kom i ein vanskeleg og farleg situasjon. I løpet av krigen var heimlandet Estland blitt okkupert i rekkefølgje av Sovjetunionen, Tyskland og igjen Sovjetunionen. Keres hadde deltatt i fleire turneringar i det tysk-okkuperte Europa, og då Sovjetunionen igjen okkuperte Estland i 1944, prøvde Keres utan hell å flykte. Han vart deretter trakassert av dei sovjetiske styresmaktene (KGB) og frykta for livet sitt. Heldigvis unngjekk han å bli deportert til Gulag i Sibir eller ei verre skjebne — jamfør det som skjedde med sjakkspelaren Vladimirs Petrovs.

Men Keres fekk til å begynne med ikkje vere med i internasjonale turneringar, trass i at han viste framifrå form. Han vann den baltiske meisterskapen i Riga 1944/45 med (10,5/11). Truleg av politiske grunnar kom han ikkje med på 10-mannslaget til Sovjetunionen som spelte radiokamp mot USA i 1945, og han deltok ikkje i den første store turneringa etter krigen, Groningen 1946, som Botvinnik vann, rett framom Euwe og Vasilij Smyslov.

Han vann den estiske meisterskapen i Tallinn i 1945 med 13/15 (+11 =4 -0), framom fleire sterke gjestar frå Sovjetunionen, som Alexander Kotov, Alexander Tolusj, Lilienthal og Flohr. Han vann så i Tbilisi 1946 (han deltok utanfor konkurranse i den georgiske meisterskapen), med heile 18/19, framom Vladas Mikenas og ein 16 år gammal Tigran Petrosjan.[7]

Keres kom tilbake til internasjonalt spel i 1946 i radiokampen mellom Sovjetunionen og Storbritannia, og heldt fram med sterke resultat i dette året og neste år.

Verdsmeister-kandidat (1948-65) endre

Verdsmeisterskapen 1948 endre

Eg trur at Keres mislukkast i dette tilhøvet fordi han mangla drapsinstinktet. Han var for mild eit menneske til å gje alt for å slå motstandarane sine. Han tok alt, medrekna sjakkspelet sitt, filosofisk. Keres er eit av dei snillaste folka eg nokon gong har hatt gleda av å treffa. [...] Ja, han elskar sjakk, men å vera eit menneske er det viktigaste for han.

Stormeister Samuel Reshevsky i Great Chess Upsets frå 1976.
 

Verdsmeisteren i sjakk Aleksander Alekhine døydde i 1946, og etter forhandlingar bestemte Verdssjakkforbundet FIDE at det skulle spelast ei VM-turnering i 1948 for å kåre etterfølgjaren. Turneringa vart delt mellom Haag og Moskva, og hadde 5 deltakarar:

Mikhail Botvinnik, Vasilij Smyslov, Keres, Samuel Reshevsky og Max Euwe. (Reuben Fine hadde også blitt invitert, men takka nei.) Kvar spelar møtte kvar av motstandarane 5 gongar. Botvinnik vann klart med 14/20, Smyslov kom på andreplass med 11/20, og Keres enda på delt tredjeplass saman med Reshevsky med 10,5 av 20 moglege. Max Euwe var heilt ute av form og enda på 4/20.[15]

I dei individuelle møta med vinnaren Botvinnik tapte Keres 4 av dei 5 partia, han vann berre i siste runde, etter at turneringsresultatet allereie var klart.

Sidan Keres tapte sine 4 første parti mot Botvinnik i VM-turneringa i 1948 har det til tider blitt spekulert i om Keres vart tvinga til å tape parti med vilje mot Botvinnik, for at Botvinnik skulle vinne turneringa. Den amerikanske sjakkhistorikaren Taylor Kingston undersøkte alt tilgjengeleg bevismateriale, og konkluderte med at sovjetiske sjakkadministratorar gav Keres sterke hint om at han ikkje burde hindre Botvinnik sitt forsøk på å vinne VM. Botvinnik skal ha oppdaga dette om lag halvvegs i turneringa, og skal ha protestert kraftig mot desse sjakkadministratorane. Viktigast likevel: Taylor Kingston fann det lite sannsynleg at Keres skal ha tapt parti med vilje.[16]

VM-kandidat 1950-1965 endre

Dette skulle vise seg å bli den einaste sjansen Paul Keres fekk til å spele om VM-tittelen. Han deltok i kandidatturneringa som kåra utfordrar til verdsmeisteren seks gongar frå 1950 til 1965, og fekk andreplass fire gongar på rad, i 1953, 1956, 1959 og 1962, men klarte aldri å vinne. Han er rekna som ein av dei sterkaste spelarane gjennom tidene som aldri fekk spele ein ordinær tvikamp om VM. Desse andreplassane er også bakgrunnen for at han vart kalla «den evige toar».

Resultata frå dei seks Kandidatturneringane Paul Keres deltok i:

Keres sine fire påfølgjande andreplassar i kandidatturneringa (1953, 1956, 1959 og 1962) har også skapt mistankar om at Keres hadde ordrar om ikkje å vinne desse turneringane. Taylor Kingston konkluderer med at der truleg ikkje var noko press frå offisielt sovjetisk hald. Frå 1954 var Keres fullt rehabilitert, og Botvinnik var ikkje lenger favorisert på same måten som tidlegare. I Curaçao i 1962 kan det ha vore ein uoffisiell konspirasjon mellom Petrosjan, Geller og Keres om å spele alle parti remis for å spare krefter, men kven dette eventuelt kan ha vore til fordel eller ulempe for blir spekulasjonar.[23]

Tre gongar sovjetmeister, karriere-topp endre

 
Sovjetisk frimerke til minne om Paul Keres frå 1991 (Michel 6163, Scott 5964)

Paul Keres hadde fleire sterke turneringsresultat i åra etter krigen. Han vann Sovjetmeisterskapen i sjakk tre gongar. På grunn av den store breidda i sovjetisk sjakk på denne tida, var Sovjetmeisterskapen blant dei aller sterkaste turneringane i verda kvart år.

Keres vann også:

  • Pärnu 1947 med 9,5/13 (+7 =5 -1),
  • Szczawno-Zdrój 1950 med 14,5/19 (+11 =7 -1), og
  • Budapest 1952 med 12,5/17 (+10 =5 -2)[27]. Turneringa i Budapest vart vunnen framom verdsmeister Botvinnik og eit sterkt felt med Geller, Smyslov, Gideon Ståhlberg, Laszlo Szabo og Petrosjan. Sigeren i Budapest, som avslutta ei serie med fire sigrar i toppturneringar i løpet av 2 år, kan truleg seiast å vere karriere-toppen for Paul Keres.

Den ungarske sjakkmeisteren og forfattaren Egon Varnusz hevdar om Keres på denne tida: «The best player in the world was Paul Keres.»[28]

I 1950 oppretta Verdssjakkforbundet FIDE tittelen Stormeister i sjakk, og Paul Keres var naturlegvis blant dei 27 første som vart utnemnd som stormeister.

Unike resultat som lagspelar endre

I Amsterdam i 1954 skåra han 96,4 % på det fjerde bordet og vann eit parti mot Jaroslav Šajtar frå Tsjekkoslovakia så briljant at den sovjetiske ikkje-spelande kapteinen Kotov sa det var 'eit ekte sovjetisk spel.' Eg fortalde dette til Keres som, det næraste eg nokon gong har sett han vera bitter, sa: 'Nei, det var eit ekte estisk spel'

Stormeister Harry Golombek
 

Etter at han blei ein sovjetborgar representerte Keres Sovjetunionen i sju påfølgjande sjakk-OL (lag-VM i sjakk), alle frå og med Helsingfors 1952 til og med Tel Aviv 1964, der laget vann sju påfølgjande gullmedaljar, og der han sjølv i tillegg fem gongar vann gull og ein gong bronse for beste prestasjon på sitt bord. Han fekk fire bord-gull på rad, i sjakk-OL 1954,1956, 1958 og 1960, noko som er rekord for sjakk-OL. Han vart ikkje tatt ut på laget etter 1964, men oppnådde gode resultat som trenar for sovjetiske lag i det neste tiåret.

Til saman spelte han i 11 sjakkolympiadar for Estland og Sovjetunionen, medrekna den uoffisielle sjakkolympiaden i München 1936, og tok på 161 parti heile (+97 =51 -13), ein skåre på 76,7 %.

Keres deltok også tre gongar på Sovjetunionen sitt lag i Europameisterskapen i sjakk for landslag, i 1957, 1961 og 1970. Ved alle tre høve vann laget gull, og Keres vann bord-gull. Han tok til saman 14/18 (+10 =8 -0), skår 77,8 %.

Seinare karriere og dødsfall endre

Sjakkresultat etter 1954 endre

Keres heldt fram med å gjere sterke resultat i internasjonale sjakkturneringar. Her eit utval av dei viktigaste:

For meg var Paul Keres den siste mohikanaren, beraren av dei beste tradisjonane i klassisk sjakk og, om eg kan seia det slik, paven av sjakk.

Tidlegare verdsmeister i sjakk Boris Spasskij i memoara sine.
 

Dødsfall endre

Paul Keres døydde av eit hjarteattakk i Helsingfors i Finland i 1975, på veg heim til Estland frå ei turnering i Vancouver i Canada. Denne turneringa hadde han vunne.[36] Paul Keres Minneturnering har blitt halde årleg i Tallinn og Vancouver sidan.

Over 100 000 var til stades ved statsgravferda i Tallinn, Estland, der leiarane i Estland stod æresvakt, og der dåverande FIDE-president Max Euwe, hans gamle ven og rival også var til stades.[37]

Rangering over tid og skår mot andre spelarar endre

Det uoffisielle ratingsystemet Chessmetrics plasserer Keres blant dei 10 beste spelarane i verda mellom om lag 1936 og 1965, og han hadde også ein av dei høgste vinstprosentane av alle stormeistrane i historia. Han har den sjuande beste 20-års-ratingen i Chessmetrics for alle spelarar gjennom alle tider for åra frå 1944 til 1963.

Han var ein av dei svært få spelarane som hadde ein plusskår mot verdsmeisteren Capablanca. Han hadde også plusskår mot verdsmeistrane Euwe og Tal, og lik skår mot Smyslov, Petrosjan og Anatolij Karpov. I den lange karrieren han hadde rakk han å spele mot heile ti verdsmeistrar. Han slo alle verdsmeistrane, frå Capablanca til Bobby Fischer — dei to partia mot Karpov vart remis. Dette gjer han til den einaste spelaren i verda som har slått ni uomstridde verdsmeistrar i sjakk. Han hadde også plusskår mot ei rekkje andre framståande stormeistrar, så som Fine, Flohr, Viktor Korchnoi, Efim Geller, Savielly Tartakower, Mark Taimanov, Milan Vidmar, Svetozar Gligoric, Isaak Boleslavskij, Efim Bogoljubow og Bent Larsen.

Keres vann stormeisterturneringar frå 1930-talet til inn på 1970-talet, eit tidsrom på nesten 40 år, og han vann turneringar i Vest-Europa, Aust-Europa, Sovjetunionen, Sør-Amerika og Nord-Amerika. Til samanlikning spelte til dømes Botvinnik aldri i Amerika.

Sjakkbøker og andre sjakkaktivitetar endre

Sjakkbøker endre

Han skreiv fleire sjakkbøker, mellom anna ei bok med grundige kommentarar til dei beste partia sine, Grandmaster of Chess ISBN 0-668-02645-6. Han skreiv saman med Alexander Kotov boka The Art of the Middle Game ISBN 0-486-26154-9, og skreiv åleine Practical Chess Endings ISBN 0-7134-4210-7. Alle desse tre bøkene er framleis rekna som svært gode og lærerike. Han skreiv også fleire turneringsbøker, mellom anna om Verdsmeisterturneringa i 1948. Han var forfattar til fleire bøker om opningsteori, ofte først i tysk utgåve. Den ungarske forfattaren Egon Varnusz nemner: Spanisch bis Franzosisch, Dreispringer bis Konigsgambit og Vierspringer bis Spanisch. Han bidrog til det første bindet, bind 'C', i førsteutgåva til Encyclopedia of Chess Openings (ECO), utgitt av eit forlag i Jugoslavia i 1974, rett før han døydde neste år. Keres var også med og starta sjakktidsskriftet Shakhmaty i Riga.

Bidrag innanfor opningsteori endre

 
 
               
               
               
               
               
               
               
               
 
 
Keres-angrepet i Scheveningen-varianten i Siciliansk forsvar. I denne stillinga spelte Keres som den første bonden til g4 mot Bogoljubow i 1943. Han vann dette partiet.

Keres hadde mange viktige bidrag innanfor opningsteori. Det kanskje best kjende er Keres-angrepet mot Scheveningen-varianten i Siciliansk forsvar: 1.e4 c5 2.Sf3 d6 3.d4 cxd4 4.Sxd4 Sf6 5.Sc3 e6. I denne stillinga fann han fram til det skarpe trekket 6.g4 som han første gong brukte - med suksess - mot Efim Bogoljubow i Salzburg 1943. Dette er framleis ein viktig og mykje spelt variant.

I kandidatturneringa i 1962 lanserte han ein ny variant for svart i Tsjigorin-varianten i lukka spansk parti: 1.e4 e5 2.Sf3 Sc6 3.Lb5 a6 4.La4 Sf6 5.0-0 Le7 6.Te1 b5 7.Lb3 d6 8.c3 0-0 9.h3 Sa5 10.Lc2 c5 11.d4 Sd7. Varianten var populær i fleire år etterpå.

Det såkalla Keres-forsvaret er 1.d4 e6 2.c4 Lb4+.

Eit viktig system for svart i Engelsk parti vart utarbeidd av Keres, det startar 1.c4 e5 2.Sc3 Sf6 3.g3 c6.

Problemsjakk endre

Den ungarske forfattaren Egon Varnusz skriv at Keres «offentleggjorde 180 sjakkproblem og 30 sjakkstudiar. Ei studie innanfor tårnsluttspel vann ein førstepremie i 1947».[38]

Turneringsarrangør endre

Paul Keres var også med og arrangerte turneringar, den første i Pärnu i 1947, og gjorde deretter fleire bidrag som sjakkorganisator i Estland.

Heider endre

 
5-kroonsetel med biletet av Paul Keres.

Det er bilete av Paul Keres på den estiske 5 kroon-setelen. Han skal vere den einaste sjakkspelaren i verda som har fått biletet sitt på ein pengesetel.[39]

Det står ei statue av han på Tõnismägi i Tallinn.

Det har blitt arrangert ei sjakkturnering oppkalla etter Paul Keres i Tallinn anna kvart år sidan 1969. Keres vann denne turneringa i 1971 og 1975. Etter at han døydde, har turneringa frå 1976 blitt kalla Paul Keres minneturnering.[40] Det er også ei årleg minneturnering, kalla Keres Memorial tournament, i Vancouver, der han spelte og vann den siste turneringa si.[41] Det finst også fleire sjakklubbar og andre sjakkturneringar som har fått namn til hans minne.

I 1959 og 1962 vart Paul Keres kåra til årets sportsutøvar i Estland.[40] I 2000 vart Keres vald som hundreårets estiske sportsutøvar.[40]

Ei gate i Nõmme i Tallinn har fått namn etter Paul Keres.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Paul Keres

Minneverdige sjakkparti endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. David Hooper, Ken Whyld, Kenneth Whyld, The Oxford Companion to Chess, Oxford University Press 1992, side 198
  2. 2,0 2,1 "Keres, Paul." Encyclopædia Britannica. 2009. Encyclopædia Britannica Online. 27 June 2009
  3. Paul Keres, Grandmaster of Chess: The Complete Games of Paul Keres, ed. and trans. by Harry Golombek, Arco, New York, 1977.
  4. «Paul Keres». Zone.ee. Arkivert frå originalen 24. februar 2008. Henta 26. oktober 2008. 
  5. Grandmaster of Chess, av Paul Keres, Arco 1972, sidene 188–189
  6. olimpbase.org
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 http://www.chessmetrics.com, Paul Keres spelarfil
  8. Ostende 1937 Arkivert 2014-12-09 ved Wayback Machine., vitja 16. juni 1937
  9. Resultata hans for Estland, kjelde Olimpbase. Resultatet frå det uoffisielle sjakk-OL i München 1936 er frå Grandmaster of Chess, av Paul Keres, Arco 1972, s. 188. sjå også[1]
  10. http://www.olimpbase.org/1937/1937in.html
  11. http://www.olimpbase.org/1939/1939in.html
  12. endgame.nl Arkivert 2008-10-20 ved Wayback Machine. Vitja 11. april 2009
  13. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 21. oktober 2009 
  14. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 26. oktober 2009 
  15. http://www.mark-weeks.com/chess/48$c$wix.htm
  16. Kingston skreiv ein todelt artikkel: Kingston, T. (1998). «The Keres-Botvinnik Case: A Survey of the Evidence - Part I». The Chess Cafe.  og Kingston, T. (1998). «The Keres-Botvinnik Case: A Survey of the Evidence - Part II». The Chess Cafe.  Kingston publiserte ein tredje artikkel, der han oppsummerte ytterlegare bevismateriell Kingston, T. (2001). «The Keres-Botvinnik Case Revisited: A Further Survey of the Evidence» (PDF). The Chess Cafe.  I eit påfølgjande todelt intervju med Kingston, sa den sovjetiske stormeisteren og sjakkorganisatoren Jurij Averbakh at: Stalin ville ikkje ha gitt ordrar om at Keres skulle tape mot Botvinnik; Smyslov ville sannsynlegvis ha vore kandidaten som myndigheitene føretrekte; Keres var under betydeleg psykologisk stress som ei følgje av invasjonane av heimlandet hans, Estland, og måten han var blitt behandla av sovjetmyndigheitene fram til slutten av 1946, og Keres var ikkje så tøff mentalt som rivalane.Kingston, T. (2002). «Yuri Averbakh: An Interview with History - Part 1» (PDF). The Chess Cafe.  and Kingston, T. (2002). «Yuri Averbakh: An Interview with History - Part 2» (PDF). The Chess Cafe. 
  17. http://www.mark-weeks.com/chess/4951$cix.htm
  18. http://www.mark-weeks.com/chess/5254$cix.htm
  19. http://www.mark-weeks.com/chess/5557$cix.htm
  20. http://www.mark-weeks.com/chess/5860$cix.htm
  21. http://www.mark-weeks.com/chess/6163$cix.htm
  22. http://www.mark-weeks.com/chess/6466$cix.htm
  23. Kingston, T. (2001). «The Keres-Botvinnik Case Revisited: A Further Survey of the Evidence» (PDF). The Chess Cafe. 
  24. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 26. oktober 2009 
  25. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 21. oktober 2009 
  26. http://www.webcitation.org/query?id=1256601517580605&url=www.geocities.com/al2055perv/ch_urs/1951/ch_urs51.html
  27. Paul Keres spelarfil ved Chessmetrics
  28. Paul Keres' Best Games, Volume I: Closed Games, p.xii
  29. [2]
  30. arkivkopi, arkivert frå originalen 21. oktober 2009, henta 21. oktober 2009 
  31. «BLED 1961». Thechesslibrary.com. Arkivert frå originalen 16. juli 2011. Henta 26. oktober 2008. 
  32. «BAIRES64». Thechesslibrary.com. Arkivert frå originalen 27. august 2008. Henta 26. oktober 2008. 
  33. [3]
  34. arkivkopi, arkivert frå originalen 12. desember 2002, henta 12. desember 2002 
  35. «Paul Keres». Zone.ee. Arkivert frå originalen 24. februar 2008. Henta 26. oktober 2008. 
  36. http://www.chessmetrics.com, Paul Keres spelarfil)
  37. Paul Keres' Best Games, Volume I: Closed Games, ved Egon Varnusz, Cadogan Chess 1987, p. xiii
  38. Paul Keres' Best Games, Volume 1: Closed Games (Cadogan 1994.)
  39. «ChessBase.com - Chess News - Remembering Paul Keres». Chessbase.com. Henta 26. oktober 2008. 
  40. 40,0 40,1 40,2 «PAUL KERES – chess player»[daud lenkje] hjå det estiske utanriksdepartementet. Vitja 2. mai 2009.
  41. «Keres Memorial History Summary». Keresmemorial.chessbc.ca. Henta 26. oktober 2008.