Paul Klee (18. desember 187929. juni 1940) var ein tysk-sveitsisk målar, grafikar og kunstteoretikar. Han arbeidde med mange ulike uttryksformer og varierande stilar, som var inspirert av kunstretningar som ekspresjonisme, kubisme, primitivisme og surrealisme. Ein del av måleria hans kan også ha drag av naivisme.

Paul Klee

Statsborgarskap Kongedømet Preussen, Sveits
Fødd 18. desember 1879
Münchenbuchsee
Død

29. juni 1940 (60 år)
Muralto

Yrke kunstmålar, universitetslærar, biletkunstnar, grafikar, litograf, designar, grafikar, bygningstegner, teiknar
Sjanger abstrakt kunst, geometrisk abstraksjon
Medlem av De fire blå, Der Blaue Reiter
Ektefelle Lily Klee
Signatur
Paul Klee på Commons
Senecio, 1922

Liv og gjerning endre

Klee vart fødd i Münchenbuchsee i kantonen Bern. Mor hans var frå Sveits, faren frå Tyskland. Familien var mykje musikkinteressert og Klee vog ei tid mellom å velje musikk eller biletkunst som karriereveg. I 1899 flytta han til München og byrja kunststudiar, i 1901/02 var han på studiereise i Italia. Etter ei tid i Bern busette hans seg i 1906 i München. Her vart han kjend med Vasilij Kandinskij, Franz Marc og andre avantgardekunstnarar, i 1912 kom han også i kontakt med kunstgruppa Der Blaue Reiter. Klee reiste i 1914 til Tunisia saman med August Macke og Louis Moilliet, der dei opplevde og vart overvelda av det nordafrikanske lyset.

Etter fyrste verdskrigen, då han som tysk statsborgar ein kort periode var ved det tyske flyvåpenet, vart Klee lærar på kunstskulen Bauhaus og frå 1931 på kunstakademiet i Düsseldorf. Etter nazistane kom til makta i 1933 byrja ei offisiell forfylgjing av Klee. Ein monografi over hans verk vart brend på bokbål rundt om i landet. Det statlege Reichskulturkammer stempla kunsten hans som degenerert. Han fekk yrkesforbud som kunstnar, mista lærarstillinga og 102 av kunstverka hans på tyske museum vart beslaglagt. Nokre av desse verka var med i den statlege, propagandistiske kunstutstillinga Entartete Kunst i München. Klee flytta til Sveits og søkte om søkte om sveitsisk statsborgarskap. Straks før dette vart innvilga, døydde han i Muralto i kantonen Ticino.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre