Paul Levi

tysk politikar

Paul Levi (11. mars 18839. februar 1930) var ein tysk sosialistisk politikar. Han vart fødd i Hechingen, og døydde i Berlin.

Paul Levi

Fødd11. mars 1883
Hechingen
Død9. februar 1930 (46 år)
Statsborgar avTyskland
PartiSozialdemokratische Partei Deutschlands, Kommunistische Partei Deutschlands (1918; 1921), Unabhängige Sozialdemokratische Partei Deutschlands
Yrkepolitikar, advokat
Alle verv
  • medlem av riksdagen under Weimarrepublikken Sjå dette på Wikidata

Levi kom frå ein jødisk familie. Han utdanna seg til jurist, og slo seg i 1909 ned i Frankfurt am Main som advokat. Same året vart han medlem i SPD.

Levi høyrde til venstrefløya i partiet. Under første verdskrigen slutta han seg til Spartakusforbundet, og sidan var han saman med blant andre Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht med på å grunnleggje Det tyske kommunistpartiet KPD i årsskiftet 1918-1919. Desse to vart myrda berre to veker etterpå.

Etter at også den nye partileiaren Leo Jogiches vart myrda 10. mars 1919, tok Levi over som leiar. På landsmøtet i oktober same året sette han gjennom at partiet skulle delta ved vala, noko som førte til at rådskommunistane gjekk ut av KPD, men òg til at ein stor del av det venstresosialistiske USPD gjekk saman med KPD i 1920, noko som gjorde KPD til eit masseparti.

Levi sette seg imot den offensive taktikken leiinga i Komintern pressa på det tyske partiet, og gjekk i slutten av februar 1921 av som leiar. Etter at han offentleg tok avstand frå det kommunistiske kuppforsøket i mars 1921, vart han etter press frå Komintern-leiinga utestengd frå KPD. Han gjekk då inn i rest-USPD, og vart med dei fleste av dei inn att i SPD ved den delvise partisamlinga i 1922. Der var han ein av dei viktigaste personlegdomane på den marxistiske venstrefløya i partiet. Mange av vennene hans slutta seg til det venstresosialistiske SAP då dette vart skipa i 1931, etter Levi var død. Også Willy Brandt var elles medlem i SAP.

Levi var heile tida medlem av riksdagen, og arbeidde mykje med å oppklåre morda på Rosa Luxemburg og Karl Liebknecht. Han var frykta av sine motstandarar som ein brilliant talar, både i rettssalen og i riksdagen.

I februar 1930 vart han sjuk, og få dagar seinare, den 9. februar, datt han under uklåre omstende ut av vindauget i husværet sitt i Berlin og døydde av skadane. Då han døydde, var han i ferd med å førebu ei rettssak som gjaldt den skandaløse mangelen på oppfølging av morda på Luxemburg og Liebknecht.

Då det etter hans død vart halde minnestund i riksdagen, forlet representantane frå to parti demonstrativt salen: Nazipartiet NSDAP og det no fullstendig stalinistiske KPD.

Frå 1923 gav Levi ut eit eige tidsskrift, «Sozialistische Politik und Wirtschaft» («Sosialistisk politikk og økonomi»). Dette gjekk i 1928 inn i tidsskriftet «Der Klassenkampf» («Klassekampen»), der Levi var med i redaksjonen til han døydde. Han var òg med og starta den partiuavhengige marxistiske gruppa «Sozialwissenschaftliche Vereinigung».

Kjelde endre

Tysk wikipedia [1]

Bakgrunnsstoff endre