Paul Olaf Bodding

norsk misjonær og språkforskar

Paul Olaf Bodding (2. november 186525. september 1938), var ein norsk misjonsprest, folklorist og lingvist frå Gjøvik. Han var leiar (manager) og førstesekretær for Santalmisjonen i åra frå 1909 til 1923. Bodding arbeidde for misjonen i Santhal Parganas, India, frå januar 1890 til april 1934, og var sentral i utforskinga av det austronesiske språket Santali.

Paul Olaf Bodding

Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. november 1865
Gjøvik kommune
Død

25. september 1938 (72 år)
Odense

Yrke lingvist, misjonær, teolog, omsetjar, folklorist
Språk engelsk, Santali
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja
Ektefelle Christine Larsen Bodding
Paul Olaf Bodding på Commons

Bakgrunn endre

Paul Olaf Bodding var son av den første bokhandlaren på Gjøvik, Edvard Olsen Bodding og kona hans, Betzy Emilie (f. Wennevold). Dei hadde (ifølgje Vardal kyrkjebok) kome flyttande til Gjøvik frå Nes på Romerike 3. januar 1883. I oktober 1862 hadde E. O. Bodding starta som bokbindar. Ikkje lenge etter etablerte han den første bokhandelen i Storgata 17 på Gjøvik i Oppland. Denne forretninga har hatt samanhengande drift sidan Bodding si tid, men under vekslande namn og ny adresse. Forretninga blei i mange år ført vidare av familien Landmark i Storgata. I dag er verksemda del av bokhandlarkonsernet Norli i Hunnsveien 2. Den verdskjende misjonæren Lars Olsen Skrefsrud (Frå Fåberg/Lillehammer) var titt innom forretninga til Boddingfamilien og kom til å få stor innverknad både for innehavaren og dei tilsette i bokhandelen. Mellom anna for Johanne Hagen, mor til Ingeborg Refling Hagen, som grunnla Suttung-røyrsla. Johanne fekk arbeid i bokhandelen som tenåring og hadde høve til å følgje undervisninga Paul Olaf fekk av Skrefsrud. Også Anders Sandvig, opphavsmann for Dei Sandvigske Samlingane og seinare museet på Maihaugen ved Lillehammer, budde i to periodar på 1880-talet hos bokhandlar Bodding på Gjøvik.

 
Bodding-huset i Storgata 17 på Gjøvik, bygningen ligg i bilete som nr. 2 frå venstre, fotografert i 1883.
 
Den nedre delen av Boddinghuset på Gjøvik er vakkert restaurert.
Foto: Øyvind Holmstad

Misjonskallet endre

Om kallet til å bli misjonær har Bodding i studentboka frå 1883 skrive:

«Da Skrefsrud i 1881 var kommet til Europa og jeg leste om hans misjon, følte jeg meg sterkt tiltrukket, og jeg uttalte for min mor ønske om å komme til santalene. Først det følgende år kom Skrefsrud til mitt hjem, som han hadde vært en venn av helt siden begynnelsen av sekstiårene. Da tilbød min mor meg til Santalmissionen, og tilbudet ble mottatt med takk. Fordi misjonskallet slik har behersket mitt liv, er det naturlig at min utvikling har fått preg av dette. Den personlige klarhet kom jo først senere, allikevel fikk jeg allerede i skoleårene et bevisst mål - å søke å utdanne meg for livet som skulle komme. I skoletiden og studietiden syslet jeg derfor meget med utenforliggende fag, særlig språk og etnografi, og også naturfag»

Liv og arbeid endre

Bodding tok mellomskuleeksamen på Hamar med den beste karakteren som til då hadde blitt gitt ved skulen. Han tok artium som preseterist ved Aars og Voss skule i Kristiania i 1883 og blei cand. theol. frå Universitetet i Oslo i 1889. 6. november 1889 blei han ordinert av biskop Carl Peter Essendrop i Vår Frelsers Kirke i Kristiania saman med fire andre kandidatar. Same år blei han òg tilsett i Santalmisjonen og kom til India 16. januar 1890. 3. desember 1890 flytta han til misjonsstasjonen Mohulpahari. I Santhal Parganas, India, heldt Bodding fram med det arbeidet som hadde blitt byrja av Santalmisjonens grunnleggjarar, Lars Olsen Skrefsrud og Hans Peter Børresen.

Då Bodding kom hadde Skrefsrud allereie nokre år drive med litterært arbeid: Luthers katekisme, Vogts bibelhistorie, ei salmebok med til saman 171 nummer og boka om overleveringane frå forfedrane var trykte på santal-språket. No kom Bodding nyleg uteksaminert frå Universitetet og hadde med Tischendorfs greske utgåve av Det nye testamentet som gåve til Skrefsrud. Med dette «erta» han Skrefsrud til å byrje å omsetje Bibelen. Den svenske filologen Ernst Heuman (9. juli 1858 - 25. juli 1926) og Bodding sjølv skulle vere kritikarar for omsetjingsarbeidet. Frå 1. mai same år tok dei også til med eit månadleg kyrkjeblad, «Pera Hor» (venen). Bodding fekk av Skrefsrud oppdraget å «snu» samlinga hans på ca. 13 000 ord frå engelsk-santali til santali-engelsk. Slik fekk han arbeidd seg inn i det store ordtilfanget som Skrefsrud hadde samla, men utvidde det med kvart - slik at ordboka blei på meir enn 30 000 ord.

I mars 1909 fekk Skrefsrud slag og Bodding måtte ta seg av leiinga av misjonen. I året 1910 blei det heldt ein stor misjonskonferanse i Edinburgh, Skottland. Der møtte Bodding professor John H. Blegen frå USA (far til arkeologen Carl Blegen) og pastor (seinare biskop) Paul Oldenburg frå Danmark, og saman reiste dei til Kristiania der grunnreglane for Santalmisjonen blei utforma og godkjende. Det blei blant anna vedteke at misjonen skulle innføre årlege misjonærkonferansar. Den første konferansen blei heldt i mars 1911, og då blei det vedteke å flytte hovudkontoret frå Benagaria til byen Dumka, som også er hovedkvarteret for den sivile administrasjonen i distriktet Santhal Parganas (noverande Jharkhand). Samstundes blei det vedteke å byggje ein bustad for formannen der misjonærkonferansane kunne haldast. Den majestetiske bygnaden stod klar i 1914 og blir framleis nytta som representasjonsbustad for Northern Evangelical Lutheran Church (NELC) i Dumka.

Bodding var formann for konferansen til 1923 då han flytte attende til Mohulpahari for å fullføre det litterære arbeidet sitt. Ei ny utgåve av Bibelen var i trykken, og denne skulle være slik at både Det nye og Det gamle testamentet hadde same format slik at dei kunne bindast saman til ei bok, samstundes skulle Bibelen få eit grundig noteapparat. Denne utgåva låg føre i 1929. Samstundes med dette arbeidet tok han til med reinskrivinga av ordboka som etter kvart blei til verket (eller leksikonet) med fem store bind: A Santhal Dictionary. Bodding var særs grundig i alt arbeidet han gjorde: For å kjenne seg trygg under den endelege reinskrivinga av ordboka, hadde han eit råd på fire-fem santalar sitjande på verandaen. Dei kunne han når som helst kalle inn og var det han kalla «det levande leksikonet mitt». Då året 1934 kom var arbeidet fullenda og Bodding flytte til Oslo der ordboka blei trykt. Verket fekk lovande omtale og blei hylla som «eit leksikon omfattande alt med santalane» [1]

I 1891 blei han gift med Clara, f. Braathen, i 1897 med Ingeborg Bahr, f. Børresen og i 1922 med Christine, f. Larsen. Bodding fekk ikkje born i nokre av ekteskapa.

Bodding er, ifølgje biografen Olav Hodne, betre kjend internasjonalt enn han er i Noreg per idag. I Dumka, Jharkhand i India, ligg framleis hovudkontoret for NELC og Boddings botaniske og etnografiske samlinger blei lenge lagra i dette hovudkvarteret for kyrkja. I dag er samlingane flytte til Etnografisk museum i Oslo. Det lokale indiske folket minnast framleis Boddings liv og dødsdagen hans. Også på Gjøvik blir Boddings fødselsdag feira kvart år mellom misjonsvener.

Språkforskar endre

Bodding nytta mykje tid på å dokumentere og nedteikne den folkloristiske kulturarven frå det indiske santalfolket. I tillegg til å vere misjonær, var han først og fremst kjend som språkforskar. Han danna grunnlaget for santal-språket sin grammatikk – og etablerte eit latinsk alfabet for santali som fortsatt er nytta av majoriteten av folket (minoriteten nyttar same alfabetet som hindi). Han omsette Bibelen til santali. Det nye testamentet blei trykt i 1906 og Det gamle testamentet i 1914. Heile Santalbibelen i Bodding si handskrift er å finne i manuskriptsamlinga i Universitetsbiblioteket i Oslo. Boddings ordbok i fem bind er framleis eit viktig referanseverk og eit omfattande leksikon for og om santalfolket.

Utmerkingar endre

  • 1893: Medlem av Det asiatiske selskapet i Bengal
  • 1894: Medlem av Videnskabsselskabet i Kristiania (no: Det Norske Videnskaps-Akademi)
  • 1901: Kong Oscar IIs fortjenstmedalje i gull
  • 1907: Æresmedlem av The British and Foreign Bible Society, London, Storbritannia
  • 1910: Riddar av 1. klasse, St. Olavs Orden
  • 1912: Delhi Durbar Medal
  • 1931: «Fridtjof Nansens belønning»

Ettermæle endre

 
Monument over Paul Olaf Bodding utanfor Gjøvik kyrkje
 
Paul Olaf Boddings veg i Sørbyen på Gjøvik.

Bodding var involvert i det som på hans tid blei rekna som ein skandale då den andre kona hans, Ingeborg (f. Børresen), forlèt han – og rømde frå heimen i Benagaria (Santalmisjonens første misjonsstasjon) med ein indiskfødd muslim. Etter at Bodding og den tredje kona hans, Christine Larsen Bodding reiste frå India i 1934, forsøkte dei først å etablere seg i Noreg. Motviljen mellom misjonsfolket mot Bodding som fråskilt og gjengift, verka til at ekteparet blei tvungne til å reise frå Noreg til Odense i Danmark, der Christine hadde familien sin. Bodding blei i 1938 gravlagd på Assistens Kyrkjegard i Odense. Utanfor Gjøvik kyrkje står det i dag eit minnemerke over Paul Olaf Bodding. I Gjøvik finn ein òg P. O. Boddings veg i Sørbyen ved bustad- og skuleområdet Viken.

Kjelder endre

  1. Birkeli, Fridtjov m.fl. (1967). Norsk misjonsleksikon, bind 1., s. 220-223, Stavanger: Nomi Forlag.

Litteratur endre

av Bodding endre

Litteratur på norsk endre

  • Missionens nødvendighed og velsignelsen, Kristiania 1904. 
  • Udkast til en Fremtidsordning for Indisk Hjemmemission blandt Santalerne, København 1909. 
  • Lidt om Santalbibelens Tilblivelse, Den Nordiske Santalmission, Kristiania 1915. 
  • Sona, en kristen Santalkvindes liv og gjerning, København 1919.
  • Santalernes religion, Den Nordiske Santalmission, Oslo 1920 
  • Friske Skud, santalmissionens og santalmenighedens 25 aars virke i Dinajpur og Malda, København 1925. 

Litteratur på santali endre

  • Kuk’li Puthi (Troeslære). Ebenezer 1899. 
  • Liturgi, beretning og sange - i anl. 50 års jubileet, Benagaria, 1917. 
  • Utgåver av Det nye testamentet 1911, 1920, 1928 og 1929. 
  • Det gamle testamentet 1914
  • Bibelen 1929
  • Salmeboken 1912, 1915, 1918, 1920 og 1922. 
  • Gir-jak’ Dhara, 1917. 
  • Hor Kahniko, Benagaria 1924. 
  • Lundes barneprekener overs. for «Pera Hor».

Litteratur på santali med engelsk overs. og noter endre

  • A Chapter of Santal Folklore, Kristiania, 1924. 
  • Santal Folk Tales, I - III, Oslo 1925-29. 

Litteratur på engelsk endre

  • Materials for a Santal Grammar, Dumka 1922 
  • Mostly Phonetical, Benagaria 1922.
  • Mostly Morphological, Benagaria 1929. 
  • A Santali Grammar for Beginners, Benagaria, 1929. 
  • Studies in Santal Medicine and Connected Folklore, Part I: Calcutta 1925. Part II: Calcutta 1927. Part III: Calcutta, 1940. 
  • A Santal Dictionary I-V, Oslo 1929-36. 
  • Traditions and Institutions of the Santals, 1929 
  • Santal Riddles and Witchcraft among the Santals, 1940 
  • Mare Hapramko (oversettelse av Skrefsrud) Oslo 1942. 

Dessutan skreiv Bodding ei rekkje artiklar for blad og tidsskrift. 

om Bodding endre

  • Hodne, Olav. Oppreisning, misjonæren og vitenskapsmannen Paul Olaf Bodding 1865-1938, Luther forlag, 2006.
  • Dørdal, Elisabeth. Paul Olaf Bodding : his call and his service : a documentary essay. Oslo, 1998
  • Hodne, Olav. Santalmisjonens historie, bind 3, Santalmisjonens forlag, Oslo 1992
  • Birkeli, Fridtjov m.fl. Norsk misjonsleksikon, bind 1. Stavanger: Nomi Forlag, 1967
  • Hodne; Olav. «Paul Olaf Bodding som misjonær» i «Norsk tidsskrift for misjon», nr 2, 1968
  • Nyhagen, Johan. Santalmisjonens historie : Med særlig henblikk på utviklingen i India og Norge : 1867-1967. Oslo, 1967-1968. 2 bind. Dr.avh.
  • Hodne, Olav. The seed bore fruit, Christ's Diciples' Media, Calcutta, India 1967.
  • Morgenstierne, Georg. «Paul Olaf Bodding og det norske forskningsverk blant santalene : foredrag heldt i Norsk-indisk foreining på 100-årsdagen for P.O. Boddings fødsel, 2. november 1965». I: Norsk tidsskrift for misjon, nr 1, 1966
  • Konow, Sten. «Minnetale over misjonsprest Paul Olaf Bodding : holdt i den hist.-filos.klasses møte den 18de november 1938» I: Årbok / Det Norske Videnskaps-Akademi i Oslo, 1938

Andre kjelder endre

Paul Olaf i folketeljinga til digitalarkivet for 1885, Gjøvik